onsdag 24. april 2013

Behind the scenes


Ungane er som regel veldig vandt med at eg dillar og dandere og knipsar bilete. Som regel er det ikkje så spanande det eg held på med, men dei kjem bortom å kommenterar og fartar vidare.
"Ååå, det var fiiint." er ofta kommentaren. Ja, heilt sant.
Kanskje ikkje bare såg det fint ut denne gong?!
Dei fekk det iallefall veldig morosamt når eg var ferdig å knipsa.
 


 
 


 
 
Men faktisk så ville dei ikkje ha.
Men det ville mor.. Mmmm.


post signature

mandag 22. april 2013

Oppskrift: Sjokolade marquise med pasjonsfruktsaus

 
 
Forrige veke hadde eg forening. Og det er koseleg som alltid. 
I mangel på fantasi og ettersom det var lenge sidan sist eg serverte denne desserten igjen.
Ein kald, søt og sur dessert. Perfekt for denne årstida me nærmar oss nå.
Om du ikkje syns det ser så innbydande ut. Prøv likavel.


 
 
Sjokolade Marquise med pasjonsfruktsaus
 
250 gr mørk sjokolade (gjerna 70%)
175 gr usalta smør (eg likar best med salt)
100 gr melis
5 eggeplommer
5 eggekviter
 
Smelt smør og sjokolade i vannbad. Bland melis med eggeplommene. Stivpisk eggekviten. Vend eggeplommeblandinga inn i sjokoladen med ein slikkepott. Vend inn eggekviten.
Hell i form, 24 cm, og frys 2-3 timar.
 
250 gr kvit sjokolade
1 dl H-melk
65 gr usalta smør
1 stk halv eggeplomme
 
Del sjokoladen i små bitar. Varm opp melk og smør og hell over den kvite sjokoladen. Rør inn eggeplomma, visp for hånd. Fryses over den mørke sjokoladen.
 
Tas ut av frysa 15 min før servering. Den kvite sjokoladen smeltar veldig fort.
Siste gong nå laga eg eit par i form, det er kanskje vel så fint og enkelt. Eg fekk den nemleg ikkje så fin denne gong då det smelta så veldig fort.
 
Pasjonsfruktsaus
 
Til ein person reknar du ca 1/2 - 1 pasjonsfrukt. Ta ut innholdet og kok det lett opp i lag med litt appelsinjuice (har eg ikkje juice, brukar eg berre vatn). Avkjøl og servèr.
Det går òg fint an å servèra den som den er.
Pasjonsfrukt er perfekt attåt denne søte desserten.
Surt og søtt. Mmm...

post signature

mandag 15. april 2013

Fargekodar og svar på spørsmål


Eg får ein del spørsmål om fargekodar etter reportasjane i Boligpluss og Boligdrøm, bilder på instagram og her på bloggen.
Her har eg derfor samla dei viktigaste.




Fargekoden på skapet er 2510-B70G
Krakken er S0520-Y70R




Fargen på lysestaken er S1040-Y85R




På den eine veggen i stova har eg Valmuefrø, S4502-Y.
Ein veldig lun og fin gråfarge som eg er veldig fornøyd med.
At det er ein liten dæsj (2%) gult i, gjer at den ikkje blir blålig.




Tallerkenhylla og dukkesenga på Frida sitt rom er malt i S0580-Y10R





Fekk og spørsmål om denne puta her om dagen. Eg har svart deg på kommentaren din, men svarer deg her  og. Puta er frå Kremmerhuset. Kjøpt for ca 4 år sidan.




Veggklisteret med teksten frå Hellbillies song "Den finast eg veit" er bestilt frå Happylines

post signature

fredag 12. april 2013

Gje bort og konkurranse

I samarbeid med Strai kjøkken har eg ein gje bort til dykk. Du kan vinna dette stilige salt&pepper settet frå Menu. Korken i tre er gravert med Strai. Skikkelig fine. Har jaggu lyst på dei sjølv og.






Det du må gjer for å delta er følgande:
1 lodd - Gå inn her å delta i konkurranse og legg igjen svaret i ein kommentar her når det er gjort. Dette er enkelt og dette er det einaste du MÅ du gjer for å kunne delta.

For å sikra deg ekstra lodd kan du
1 lodd for å like Strai kjøkken på facebook
1 lodd for å dele gje borten på facebook eller blogg ved å bruke bilete over
1 lodd for å følge Feien og Fjong via Google kontaktnettverk

I alt kan du altså sikre deg 4 lodd. Trekning vil skje den 1.mai.

Har du sett det nye magasinet til Strai?
I tillegg til katalogen som er stappfull av kjøkken og bad, har dei i år gitt ut eit magasin med mange hjemme hos reportasjer, årets nyheiter og masse inspirasjon.
Skal du ha nytt kjøkken eller kanskje berre er ute etter nettopp inspirasjon bør du ta ein titt her.



fredag 5. april 2013

Gledens dag



Ja, det er nettopp det det er. I fare for å bli oppfatta som materialistisk.
5 år har eg venta på nytt bad. Penger er spart opp og nå er flisene bestilt.
Då er me offisielt i gong.
3 x hurra!
 
 
 
 
Slik håpar eg badet ser ut i løpet av få månadar.
Eg har heile vegen tenkt kvite 60 x 60 fliser på golv. Hadde eg vore bestevenn med vaskefilla, hadde det kanskje ikkje vore så ille. Ettersom eg ikkje er det, har eg havna på lyse grå. I håp om at det er ein tanke meir praktisk. 
På vegg blir det gips. Eg var litt fram og tilbake på fliser og gips på vegg. Eg kan ikkje lika den flisekanten ein då får opp på veggen. Men så kom eg på at det jo ikkje er fugene som er tette, men membranen. Eg snakka med fliseleggar og han kunne bekrefta at det ikkje var problem å kutte ut flisekanten berre ein brukte membran. Fliser ville eg ikkje ha pga at eg må ha muligheten til å endre farge på veggen. Litt usikker på om det blir kvit vegg eller om det blir same farge på vegg som golv flisene.
Inni dusjen skal eg ha ein vegg med mosaikk som kan minne om perlemorskjell, med eit hint av mint i. Midt i blinken for meg og eg fallt pladask. Ettersom det sikkert  var butikkens dyraste fliser, blir det kun på ein vegg. Sjeldan eg går for dyre løysingar, men desse ville eg så VELDIG gjerna ha. På vegg bak speil og vask skal eg ha tømmer eller panel som er beist i grå/beige.
Lampar med stoffledning og store pærer hengane frå ein drivved pinne.
 
Badet har eg aldri vist dykk, men det skal eg gjer snart.
Dykk skal få sjå før/etter bilde når det nærmar seg :-)
Kan ikkje venta med å komma i gong!
 
Etter 5 års ventetid er det vel lov å føla seg litt ekstra lykkeleg nå når me faktisk er i gong?!
Sjølv om det er materialistisk lykke.
 
Ei ekstra glad Hilde ynskjer deg som er innom ei fantastisk helg ☺
 
post signature