søndag 21. oktober 2012

Ny krok

Blogger frå iPhonen i dag. Då tida ikkje strekk heilt til om dagen. Er midt inni 2-3 travle veker. Til helga arrangerer eg loppemarked på Hjelmeland Samfunnshus. Veldig spanande då eg aldri har gjort det før og det er veeeldig mange år sidan det har vore det her.
Kjem det nok lopper? Eller for mykje? For lite "gjester"? For lite dugnadshjelp? For mykje skrot til slutt?
Aner overhodet ikkje. Men det er veldig mykje snakk om det og det lover bra. Og det er ikkje anna enn å prøva så veit eg litt meir til eventuelt neste år. Har du lopper det berre å ta kontakt?




Viser eit bilete frå veggen mellom stove og kjøkken som har blitt litt ny i løpet av helga. Sjølv om dei fleste svara "Meir tapet" på spørsmålet mitt på Instagram og eg nesten hadde bestemt meg for det, kjente eg at nok heller ville ha tapeten med på ein anna måte. Så den skal så absolutt få bli med videre, for eg liker den veldig godt. Det blir morgondagens prosjekt. Det blir meir nytt fram mot fredag. Då får eg nemleg besøk av ein journalist og fotograf. Reportasje i eit interiørmagasin tenk. STAS! Det kriblar i magen som ein unge som gler seg til julafta :-)

Ha ein fortsatt fin og kanskje til og med solrik søndag som her.

- Posted using BlogPress from my iPhone

fredag 12. oktober 2012

DIY - Peace

Tenk hadde det berre fantes ein enkel DIY for litt fred i heimen.
hoho.
Ja, for ungane veit virkelig å krangla og plaga kvarandre, men kan heldigvis og væra bestevenner og det er ein fryd å sjå og høyra. Og då er det berre å nyte dei øyeblikka og gløyme(!) dei andre..
OK, skal ikkje skulda på ungane for at ikkje alltid er fred. Bonden og fruen kan det sjølvsagt òg.
*giisp*
Sa eg det høgt?!
 
 
 
 
Anyway. Her er det du treng:
Ramme
Ark
Lim
Blyant
Paljetter eller glitter i ønska farge
Eg har alltid likt gull, men har hatt ein kort periode utan dei siste 2-3 åra.
Nå snik det seg sakte men sikkert inn litt gull igjen. Derfor måtte det bli gullpaljetter her.
Teikn først eit peace-teikn på arket. Smør så må litt lim på streken. Smal eller brei, alt etter ønsket.
Dryss over paljetter så er det berre å vente på tørking.
Før du rammer det inn er det lurt å riste litt forsiktig slik at lause paljetter dett av.
 
 
 
 
Her er det berre fantasien som sett begrensingar.
Kva med ein bokstav? Lite ordtak eller nokre fine ord?
 
Nå er det helg igjen. Rart etter å allereie hatt ei helg på hytta. Me hadde avløysar nå i veka og ikkje å helga, og då er det berre å benytta sjansen.
Me hadde med oss gode venner av både store og små og kosa oss i nydeleg haustvær som eg virkelig håpar me får mykje av framover.
Lov å håpa ☺
I morgon er det Pippi teater på Sola og Faster kjem heim.
Hurra!
 
 

søndag 7. oktober 2012

Triple choclate slice




 
 
Oppskrift:
 
250 g Oreo kjeks
325 g mørk sjokolade 70 %
200 g usaltet smør
3 egg
3 eggeplommer
100 g sukker
1 ss. kakao
 
Legg Oreo kjeks i ei lita langpanne som er 19 x 30 cm stor, slik at det dekker nesten heile forma.
Smelt så smør og sjokolade over eit vannbad.
Hell sukker, egg og eggeplommer i ei mikserbolla og miks dette på høg hastighet heilt til røra har blitt fluffy og kremete. Tilsett så den varme sjokoladeblandinga og rør det godt saman. Hell røra over i forma der Oreo kjeksane ligg.
Sett forma i ein forvarma ovn på 160 grader i cirka 25 minutter.
La den avkjølas i 15 minutt før den settes kaldt i kjøleskapet i cirka 1 time.
Strø over litt 100 % kakao og skjær den i passande store biter.
Steg for steg får du hjå Passion 4 baking. Her finn du oppskrift på akkurat den kaka du måtte ønska.
 
Ettersom den er ganske saftig og litt fondant aktig er det like god og lettere å skjæra i dagen etterpå. Serveres med is og bær.
Tips: Om du syns mørk sjokolade er for mektig, kan du bytte ut litt eller alt med lys sjokolade.
Eg har prøvd begge deler.
 
Ha ein fortsatt fin søndag.
Nå blir det litt ansiktsmaling her i huset.
 
 
 


onsdag 3. oktober 2012

Bryllaup - Rosa og romantisk


Nok eit bryllaupsinnlegg her. Dykk blir vel ikkje leie?
Neei, me blir vel aldri lei av bryllaup?!
Ikkje eg iallfall. Eg elskar bryllaup ;-)
Eg skal både forhåpentlegvis og dessverre ikkje gifte meg igjen.
Tenk å få oppleva akkurat den dagen igjen.
Hadde gjort nokre ting annleis nå, men slik vil det alltid væra.
Eg er nøgd med dagen og akkurat då var det slik eg ville ha det.



 Denne gong er det eit vennepar her på Fister som gifta seg.
Sommaren for 11 år si var det 4 kameratar som fant "sin blivende fru".
Alle 4 para har gifta seg på årsdagen sin.
Me er eit av dei.
Forlovaren til bruden her er og eit av dei, og brudgomens søster den 4.

 


Nydelig brud og forlover.
Gode venninner begge to

 

 
Her feira me òg bryllaupet vårt for 4 år sidan.
Då såg det ikkje slik ut.
Denne bruden har klart å gjer lokalet, som er mest brukt her inne, til sitt heilt eget.
Runde bord og stolar med kvitt trekk er leigt inn for anledningen.

 








Gorgeous!
Takk for ei fantastisk feiring