fredag 25. januar 2013

FINALE!


For 4. gong på 7 månadar er eg i finalen i NIBs månadlege utfordring.
Lika overraska, glad og ydmyk blir eg kvar gong. 
Då eg oppdaga i går kveld at eg var i finalen i denne utfordringa, som eg nesten droppa å bli med på, måtte eg faktisk gispa høgt. Eg skulle til å ropa det høgt til Bonden, men han satt i telefonen og eg måtte derfor ta eit lite gledes hyl for meg sjølv. Ja, for det er så stort og så stas.
Så tuusen takk til Linda i Lunehjem for at du likte mitt bilde.
Premiane er gåvekort frå nettopp Lunehjem. Kven kunne vel ikkje tenka seg å vinna det?!
Eg veit allereie kva eg ville kjøpt om eg hadde blitt den heldige.




Eg synest det er vanskeleg å sei at dette bilete er veldig meg. På ein måte er det jo det. Det er akkurat slik eg likar det - nå. Samtidig har stilen endra seg i løpet av dei siste 2 åra. Ikkje totalt, men med enkle grep er stova ei heilt anna enn den var. Eg liker himalaga og gamle ting og som kanskje ikkje alle andre har, kombinert med nytt. Populære design møbler er absolutt fine, men ikkje noko for meg. (Til mitt forsvar; eg seier ikkje at det aldri vil komma i mitt hus, men dei vil nok aldri bli i fleirtal). Eg vil ha muligheiten til å endra, utan at det skal kosta skjorta. Eg vil ikkje var "hu der som bruke masse penger på interiør og ting og bytte ut til stadighet". Eg veit at mange tenker det, og eg kan forsåvidt forstå det ettersom det ofte er noko nytt her. Det dei kanskje ikkje veit, er at mykje av det ikkje har kosta meg ei krona eller iallefall ikkje mane kronene. Den nye sofaen me fekk i hus i haust f.eks. Å bytte ut ein sofa etter 3 år er eigentleg galskap. Eg var heldig å vann eit gåvekort på IKEA i ei av NIBs utfordringar og med det gåvekortet og pengene eg fekk for den "gamle" sofaen, kjøpte eg 2 nye 3-setere og hadde ein tusing til overs.

Stolen er frå loftet til bestemor, eg har mala den kvit. Trekassen frå loftet til mamma og pappa. Bordet frå Egypt, men spraylakkert. Messingstake frå kjellaren til svigermor. Det er og melkeflaska. Lampefoten frå Fretex har blitt ny etter ein runde med spraylakken og med skjerm frå TineK. Puta er frå Ikea.


Eg vil at du skal stemma på det du liker
om det er mitt eller eit av dei andre må du avgjer sjølv.
Stemma kan du gjer her.

God helg ☺

tirsdag 22. januar 2013

Utfordring - Vis oss din TV




NIB har ein ekstra utfording til oss - å vise fram det som kanskje blir minst blogga om.
TVen.

Me har lenge snakka om å flytte dette TVen opp og kaste det andre på dør, men eg var i tvil om korleis det skulle gå. TVen var ofte på sjølv om eg kanskje ikkje såg på det. Satt eg å trykka, fann eg alltid noko eg kunne sjå. Eg såg ikkje for meg at me skulle klara oss med kun TV oppe i loftstova der det er ungane som regjerer.. Ja, det er ille å nesten føle at ein er avhengig av det.
I oktober tok me sjansen. Prøveperiode kalla eg det.
Etter det har me nesten ikkje sett på TV. Mange dagar og veker er den ikkje på i det heile tatt. Det var ei heil veke, frå søndag til søndag, at den streika, utan at me sakna den. Eg kan vel sei at det har gått over all forventning. Ja, eg har sakna den nokre få gonger. Nokre morningar der eg kunne tenkt meg å sotte i stova å sett God morgen Norge(Ikkje akkurat mange av dei..) og under Håndball VM f.eks.
Den andre TVen var av den svæære typen. Og me snakker ikkje stor som i ". Fullt brukande var den og gav den nettopp vekk til nokon av våre nye landsmenn.

Tilbake til poenget.
Fleire TV krokar/vegger kan du sjå inne hjå NIB.

Straks opp for å sjå Greys. Oops.. busted!




post signature

torsdag 10. januar 2013

NIBs januar utfordring: From within

From within?
Ja, eg var litt usikker sjølv korleis den skulle tolkas.
Kjekt med utfordring og denne som er ganske åpen er ekstra utfordrande og morsom.
Tolkningane er ulike rundt forbi. Eg er ikkje så god på det der med tolkning.
Men viser nå her nokre bileter som kanskje kan passa.
From within.
 
 
 
 
Dette er meg.
Litt gamalt.
Litt nytt.
Litt himalaga.
Litt redesign.
I yndlingskroken - med heklesaker og ein mocca.
Burde kanskje hatt ein større dæsj med grønt(du ser vel at sugerøyret er grønt?!;-) ), så hadde det vore ennå betre.
 

 
 
Eg vil at interiøret mitt skal væra personleg. Min stil og kanskje litt ulikt andres.
Eg blir påvirka av trender. Det er vanskelig å la væra og noko blir sjølvsagt likt.
Men ser eg f.eks. ei pute som er ein skikkelig hit, får eg ikkje lyst på den.
Kva er spanande med noko alle andre har? Eg lager heller ting sjølv eller gjer om litt på nye ting.
Såg i Rom123 for nokre blad tilbake der NIB anbefaler 3 blogger med ulike tema for kvar månad. Den månadens tema var svart-kvitt og alle 3 hadde det same stripete IKEA teppet.
Ikkje vondt meint, eg har det teppet sjølv..... ;-)
 
 
 
Korleis andre har tolka det kan du sjå her.
 
 
post signature

onsdag 9. januar 2013

Dekka til fotballfest


Selskap nr 2 vel overstått.
Ein fin gjeng som lekte og sprang til dei var svette.
Ein fryd å ha selskap når dei har det så kjekt.
Pizzaruller og fotballbanekake var visst ikkje det som slo an.
Pepperkakefjos og popcorn derimot, var ein hit.
Det viser seg igjen - det enkle er ofte det beste.


  
Lys og ballongar fann eg på Kitch'n.
Cornerflagga laga eg av litt tape og grillpinner.
Oppskrift på kaka skal dykk nok og få ein dag.
Eg har ikkje heilt sansen for vanleg sjokoladekaker då dei ofte blir for tørre.
Denne var ein tanke saftigare.
Eg delte langpanna i to og laga to fotballbaner.






Papirsugerøyr og fotballtallerkner bestilte eg frå Partydesign.
Sjokoladefotballane som ligg rundt forbi på bordet - som forresten og var veldig popolært - fann eg på Nille.
Denne gong var eg tidleg ute med planlegging av bursdag. Som eg jo har nevnt, kjem bursdagane like brått kvart år.
 




Popcorn i fotball kremmerhus.
Printa ut og klippa rundt og tapet saman.
Heilt topp!




Til helga er det igjen 2 nye selskap. Men då er det jammen gjort for i år.
Berre 6 dagar til neste bursdag.
 
Hurra for Bestemor/Oldermor som blir 75 år i dag ♥
 
 

post signature
 
 
 

mandag 7. januar 2013

Fotballfest innbydelsar


Etter litt om og men, blei temaet fotball. Det sto mellom det, supermann/batman/spiderman og Lynet McQueen. Valget var ikkje lett, så 5 åringen har allereie starta planlegging av 6 årsdagen sin..


 


Ettersom det er hans første barnehageselskap synest jo mor det er vel så stas og vil gjer ekstra stas på supergutten sin.
Innbydelsane er laga av brikker som eg hadde liggande. Dei er kjøpt på Panduro. Hadde planar om å laga bordbrikker for mangfoldige år sidan.
Fant eit bilete av fotball på nett, printa ut og limte på. Teksten er og printa ut og limt på.




Kjempe stas å få dela ut fotballfestinnbydelsar.

post signature

søndag 6. januar 2013

5 år



Tenk det - Eg er mor til ein gutt på 5 år.
Lille gutten min er 5 år i dag.
5 år og eigentleg ikkje så liten lenger.
Det var nesten som han var blitt litt større over natta.
Ikkje av vekst, men rett og slett var han litt ekstra omsorgsfull og lur i dag.
Han er stort sett det, men det er ikkje alltid like lett å holde hovudet kaldt når ein har ei lillesøster som er ute på pøbel og hekkan. Og det er ikkje sjeldan.
Men i dag var det akkurat som han tenkte seg om og gjor akkurat som eg ville sagt at han skulle gjer.
Lillesøster kjem eglande som hu svært ofte gjer,
"Næ næ næ næ næææ. Eg ha-ar t-skjortå dii Jonah."
Og Storebror svara så lurt,
"Ja, det kan du.".
Og Frida tidde stilt..
 

 
 
Dagen feira me i skogen der me grilla pølser og toastskjever blåste opp ballongar og sang bursdagssang.
Me avslutta heima med kake. Fotballbanekake.
På tirsdag er det igjen duka for fest.
Fotballfest med barnehageungar.
 
Det er allereie 5 år sidan me tok legebåten til byen på enormt stor sjø og etter få timar med fødsel hadde den nydeligaste gutten (sånn reint perspektivt sett sjølvsagt) ein kan tenkja seg på magen.
I dag har eg klemt ekstra mykje på han. Tatt han opp på fanget og fortalt han om når han var liten og om den dagen han kom til. Ja, sjølvsagt berre akkurat det ein forteller til ein 5 åring(!).
Om kor glad eg er i han og forteller han om kjekke ting me skal gjer dei nærmaste dagane og vekene. Berre han og eg. Alt for sjeldan er det nettopp berre han og eg. Og når det då er det, har me det så kjekt. Ingen krangling og kjefting. Berre ein sprudlande gutt som fryder seg.
Ok. Nok pjatt frå ei rørt mor.
 
Gratulera med dagen supergutten.
Me er så uendeleg glad i deg.
 
 
Sender og ei helsing til Sigrund, Eskil og Northug.
Jonah synest det er stor stas å dela dagen med dykk ☺
 
post signature
 

onsdag 2. januar 2013

Luke 24: Juledekka bord

Å?
Er eg litt seint ute?
Jaja, når eg alikavel hadde dekka dette bordet og tatt bileta får eg blogga om det og.
Sjølv om eg er 9(!) dagar  på overtid. 
 
 
 
 
Eg sprang om kapp med lyset, mens far sto å lo av meg som fòr rundt og tok bilete frå kvar ein vinkel, retta litt på lys og knipsa litt til.





 
 
Eg måtte flire litt når eg såg julebordet ditt Cathrine. Du ser vel kanskje kvifor ;-)
 
post signature