tirsdag 15. oktober 2013

DIY - "Happy light" i regnbuens fargar

Eg er i siget. Neida, nå skal eg ikkje bli for kjepphøg her.
Plutseleg er det 6 mnd til neste innlegg igjen.

 
Puter frå Plonka på Epla og Ellos.
 
Dette er og ein ting eg har tenkt på å laga i lengre tider. Fekk endeleg laga den i sommar. Og til deg som er usikker på om det er så lett som det ser ut og om garnet stivner nok av limen - svaret er JA. Eg var skeptisk til det, men fekk råd og bekreftelse underveis på Instagram.
 
Dette treng du:
Garn i ønska farger. Eg har valgt regnbuens fargar og litt til.
Ballongar
Tapetlim
Ein fin hyssing
 
Framgangsmåte:
Start med å blåsa ballongane opp i ønska størrelser. Kanskje vil du ha alle lika små, eller varierande størrelsar. Eller kanskje ein stor lampe?
Surr garn rundt ballongane slik at det blir jevnt og fint. Deretter maler du eventuelt badar dei i tapetlim. Eg hadde ganske mykje på. Litt overflødig. Så lot eg dei ligga å tørka på ein varm plass på ein plastpose (ikkje lurt med papir vil eg tru). Dei trong lang tid på å tørka så eg snudde litt på dei ettersom det som vender oppover tørkar fortare enn det som ligg rett på posen. Vær tålmodig og la dei stivna heilt. Når alt er heilt tørka kan du stikka hull på ballongen og dra/lirka den ut. Ta så hyssingen å knyt på ballane med den avstanden du vil ha mellom dei. Eg har ikkje lys i dei då eg synes dei er dekorative i seg sjølv, men det går sjølvsagt og an. Sørg då for å lag lika mange ballar som det er lys.


 
 
Denne heng oppe på loftstova der ungane har sin tomleplass. Ettersom eg elskar fargar synes eg det er deilig å ha ein etasje der eg kan leika meg med alle slags fargar på møbler og ting - og etter planen snart vegger. Mens nede i hovudetasjen er det nokså klassisk og relativt lite fargar.
 
 
Denne "Happy lighten" er bidraget mitt i Boligpluss-utfordringen som denne månaden er DIY/Gjør det selv.
Gå inn å stem på ditt favoritt bidrag.
 
post signature
 

tirsdag 8. oktober 2013

NIBs oktober utfordring - Ildsted

 

NIBs oktober utfordring var denne gong ildsted. Eg har ikkje deltatt si vinter/vår og tenkte at NÅ må eg komma i gong igjen her. 6 mnd si forrige innlegg blei det nesten, viss eg ikkje tell med det eg hadde i juni. Det kan jo knapt reknast som eit innlegg. Nokon som har sakna meg?! Håpar då det ☺
Skal prøva å ta meg i saman og ha innlegg litt oftare enn kvar 6.mnd. Det bør vel eigentleg ikkje bli så vanskeleg.
 
 
 
 
Over til bidraget. Då eg såg utfordringa, måtte eg hiva meg rundt å få gjort ferdig det eg har tenkt på i lengre tider. Eg har hatt eit Pure & Original kalkmaling spann ståande i 2-3 år nå. Aner ikkje kva farge det er. Kanskje du ser kva det?? Elephant skin?
Det gjorde seg iallfall veldig å bryta av den långe, kvite veggen.
 

 
 
Ylva likar seg ved ovnen. Det er dette som er plassen når hu er inne.
 
(Ja, eg måtte juksa litt i går og legga inn eit kjapt innlegg for så å retta det i dag. Når eg endeleg hadde tatt bilete å tenkt å bidra etter 6 mnd pause frå blogg måtte eg jo få det til - om det så blei litt juks. Håpar eg er tilgitt...)
 
 
post signature