fredag 31. august 2012

Interiørbloggerstylist?

 
29.september er det Interiør og boligmesse i Bergen. Eg har eegentlig slått det frå meg, men for kvar dag som går har eg sjølvsagt berre meir og meir lyst. Bonden er på fotball-guttetur i England den helga, så aller først må eg jo få barnevakt. Nokon som meldar seg frivillig?! ;-)



 
Dei har ei stylist konkurranse med valgfritt tema og stil.
3 finalistar blir valgt ut til ein speedstyling på messa lørdagen.
Reis og opphold blir dekka, og då kan ein jo ikkje anna enn å iallefall prøva.
Her kan du sjå andre bidrag. Det var mange fine og eg har allereie funnet min favoritt hjå Tonje.
 
Det øverste er mitt bidrag. På bilete ser du sofakroken og favorittfargane akkurat nå. Lampen er heilt ny. Skjerm frå Tinek og fot fra Fretex som har fått ein runde med svart silkematt spraymaling.
Blei den ikkje fin vel?
 
 
 
 
Sola har Jonah mala i barnehagen i sommar. Synest det var midt i blinken ettersom sola ikkje viser seg så mykje som me kanskje vil. Nå har me sol kvar dag.
 
Nå skal det pakkas ferdig for eg skal på jentetur til Spangereid.
GLER meg ♥


post signature

mandag 20. august 2012

Forklekjole


Anna nærmar seg 1 år og det var derfor på høg tid å koma med barselgåve. Eg kan væra litt treig til tider. Ikkje for at eg gløymer, men for at eg har store planar om å sy noko og då kan det fort ta tid. Ikkje det å laga sjølve gåven, men å setta seg ned å faktisk gjer det.

 

 
Frida fekk væra modell. Ikkje lett å stå i ro,
men med ein tape-bit på golvet "Der skal du stå!", fekk me då nokre blinkskudd.

 


Eg har brukt dobbeltstoff slik at de blir fòra.
Ein kan bruka kantbånd rundt, eller berre vrenga stoffet slik at kanten blir fin. Eg har brukt opp kantbåndet på vimpelrekkene, difor blei det vrenging. Vel så fint og sikkert enklare.

 



Burde nok sydd ein shorts/trusa som matcha, for å gøyma ei bleia eller trusa.
Det får bli neste prosjekt.
Når eg berre får fiksa den symaskina.



 
Lommen er sydd på før eg sydde kjolen saman, slik at den blir finare innvendig.

 

 
Pannebåndet har søskenbarnet mitt hekla.
Passa perfekt til Frøken Frida som syns pannebånd er topp.

Sånn ellers - velkommen til verda Anna ;-)


post signature

torsdag 16. august 2012

Finale!!



Hurra! Eg er i finalen i månadens NIB utfordring, kreativ med tekstiler.
Det er så stas og gøy. Blandt så mange fine er det virkelig stort. Kanskje du vil stemme på meg? Sette utruleg stor pris på det :-) Her kan du sjå finalistane og avgi din stemme.
Eg nyter siste dagar av ferien i Oslo og Stange. Neste veka er det tilbake til kvardagen og rutiner. Godt det óg ;-)

post signature

tirsdag 7. august 2012

NIBs augustutfordring: Kreativ med tekstiler

Hello-o! I'm ba-ack.
Jadda, har hatt ein aldri så liten bloggeferie her. Ferien er ikkje heilt ferdig enda. Me skal på "hovudferien" på mandag. Kristiansand-Dyreparken-Oslo-Hunderfossen-Stange.
Avslutter me slektstreff på Stange neste helg.
Me gler oss!

 

 
Ny månad, betyr ny utfordring hjå NIB, Kreativ med tekstiler.
Eg har henta fram litt paljetter og pels for anledningen.
Heimahekla lampeskjerm og lykter.

 

 
Bak sofaen ser dykk mine siste DIY'ere.
Skal gå nærmare innpå det etterkvart. Eg kan lova litt meir aktivitet her framover.
Og Sol skal det bli..
Berre vent å sjå kor fin denne sola er ;-)
Men først skal me nyta dei siste 2 ferievekene.
Og jammen ser me ut til å væra heldige å få litt sol på himmelen òg.
Ser eg deg på IKEA lanseringen på Forus i morgon?

 
post signature