tirsdag 15. oktober 2013

DIY - "Happy light" i regnbuens fargar

Eg er i siget. Neida, nå skal eg ikkje bli for kjepphøg her.
Plutseleg er det 6 mnd til neste innlegg igjen.

 
Puter frå Plonka på Epla og Ellos.
 
Dette er og ein ting eg har tenkt på å laga i lengre tider. Fekk endeleg laga den i sommar. Og til deg som er usikker på om det er så lett som det ser ut og om garnet stivner nok av limen - svaret er JA. Eg var skeptisk til det, men fekk råd og bekreftelse underveis på Instagram.
 
Dette treng du:
Garn i ønska farger. Eg har valgt regnbuens fargar og litt til.
Ballongar
Tapetlim
Ein fin hyssing
 
Framgangsmåte:
Start med å blåsa ballongane opp i ønska størrelser. Kanskje vil du ha alle lika små, eller varierande størrelsar. Eller kanskje ein stor lampe?
Surr garn rundt ballongane slik at det blir jevnt og fint. Deretter maler du eventuelt badar dei i tapetlim. Eg hadde ganske mykje på. Litt overflødig. Så lot eg dei ligga å tørka på ein varm plass på ein plastpose (ikkje lurt med papir vil eg tru). Dei trong lang tid på å tørka så eg snudde litt på dei ettersom det som vender oppover tørkar fortare enn det som ligg rett på posen. Vær tålmodig og la dei stivna heilt. Når alt er heilt tørka kan du stikka hull på ballongen og dra/lirka den ut. Ta så hyssingen å knyt på ballane med den avstanden du vil ha mellom dei. Eg har ikkje lys i dei då eg synes dei er dekorative i seg sjølv, men det går sjølvsagt og an. Sørg då for å lag lika mange ballar som det er lys.


 
 
Denne heng oppe på loftstova der ungane har sin tomleplass. Ettersom eg elskar fargar synes eg det er deilig å ha ein etasje der eg kan leika meg med alle slags fargar på møbler og ting - og etter planen snart vegger. Mens nede i hovudetasjen er det nokså klassisk og relativt lite fargar.
 
 
Denne "Happy lighten" er bidraget mitt i Boligpluss-utfordringen som denne månaden er DIY/Gjør det selv.
Gå inn å stem på ditt favoritt bidrag.
 
post signature
 

tirsdag 8. oktober 2013

NIBs oktober utfordring - Ildsted

 

NIBs oktober utfordring var denne gong ildsted. Eg har ikkje deltatt si vinter/vår og tenkte at NÅ må eg komma i gong igjen her. 6 mnd si forrige innlegg blei det nesten, viss eg ikkje tell med det eg hadde i juni. Det kan jo knapt reknast som eit innlegg. Nokon som har sakna meg?! Håpar då det ☺
Skal prøva å ta meg i saman og ha innlegg litt oftare enn kvar 6.mnd. Det bør vel eigentleg ikkje bli så vanskeleg.
 
 
 
 
Over til bidraget. Då eg såg utfordringa, måtte eg hiva meg rundt å få gjort ferdig det eg har tenkt på i lengre tider. Eg har hatt eit Pure & Original kalkmaling spann ståande i 2-3 år nå. Aner ikkje kva farge det er. Kanskje du ser kva det?? Elephant skin?
Det gjorde seg iallfall veldig å bryta av den långe, kvite veggen.
 

 
 
Ylva likar seg ved ovnen. Det er dette som er plassen når hu er inne.
 
(Ja, eg måtte juksa litt i går og legga inn eit kjapt innlegg for så å retta det i dag. Når eg endeleg hadde tatt bilete å tenkt å bidra etter 6 mnd pause frå blogg måtte eg jo få det til - om det så blei litt juks. Håpar eg er tilgitt...)
 
 
post signature
 

tirsdag 9. juli 2013

And the winner is..

 
To månadar etter at "fristen"  gjekk ut er det kanskje på tide å trekka ein vinnar syns du?
Faktisk så trakk eg først ein vinnar, men hu meldte seg aldri. Og ettersom eg hadde kasta/rota vekk lista mi over deltakere og måtte skriva opp alle lodda på ny, drøyde og drøyde og drøyde eg det.
Heilt til i dag ☺
For å komma til poenget.
Vinnaren er... Trommevirvel....
 
 
 
 
 
 
Veronica med bloggen i Vinduskarmen
 
Gratulera!
Send meg adressa di så skal eg få sendt avgårde premien.
Premien er sponsa av Strai Kjøkken og Bad.
Lik gjerne Strai på facebook her.
 
Eg har planar om å komma sterkare tilbake nå. Skal kanskje ikkje så mykje til. Mulig du ikkje treng å venta deg hyppige innlegg med det første, men eit i ny og ne skal eg få til.
Ellers må eg jo sei at det er veeldig motiverande at nye innlegg blir etterlyst. Fortsett med det så skal eg nok bli flinkare skal du sjå ☺
 
Ha ein fin dag - det skal i alle fall eg som skal i forening i lag med fine Fister frøkner ♥
 
 
post signature

onsdag 24. april 2013

Behind the scenes


Ungane er som regel veldig vandt med at eg dillar og dandere og knipsar bilete. Som regel er det ikkje så spanande det eg held på med, men dei kjem bortom å kommenterar og fartar vidare.
"Ååå, det var fiiint." er ofta kommentaren. Ja, heilt sant.
Kanskje ikkje bare såg det fint ut denne gong?!
Dei fekk det iallefall veldig morosamt når eg var ferdig å knipsa.
 


 
 


 
 
Men faktisk så ville dei ikkje ha.
Men det ville mor.. Mmmm.


post signature

mandag 22. april 2013

Oppskrift: Sjokolade marquise med pasjonsfruktsaus

 
 
Forrige veke hadde eg forening. Og det er koseleg som alltid. 
I mangel på fantasi og ettersom det var lenge sidan sist eg serverte denne desserten igjen.
Ein kald, søt og sur dessert. Perfekt for denne årstida me nærmar oss nå.
Om du ikkje syns det ser så innbydande ut. Prøv likavel.


 
 
Sjokolade Marquise med pasjonsfruktsaus
 
250 gr mørk sjokolade (gjerna 70%)
175 gr usalta smør (eg likar best med salt)
100 gr melis
5 eggeplommer
5 eggekviter
 
Smelt smør og sjokolade i vannbad. Bland melis med eggeplommene. Stivpisk eggekviten. Vend eggeplommeblandinga inn i sjokoladen med ein slikkepott. Vend inn eggekviten.
Hell i form, 24 cm, og frys 2-3 timar.
 
250 gr kvit sjokolade
1 dl H-melk
65 gr usalta smør
1 stk halv eggeplomme
 
Del sjokoladen i små bitar. Varm opp melk og smør og hell over den kvite sjokoladen. Rør inn eggeplomma, visp for hånd. Fryses over den mørke sjokoladen.
 
Tas ut av frysa 15 min før servering. Den kvite sjokoladen smeltar veldig fort.
Siste gong nå laga eg eit par i form, det er kanskje vel så fint og enkelt. Eg fekk den nemleg ikkje så fin denne gong då det smelta så veldig fort.
 
Pasjonsfruktsaus
 
Til ein person reknar du ca 1/2 - 1 pasjonsfrukt. Ta ut innholdet og kok det lett opp i lag med litt appelsinjuice (har eg ikkje juice, brukar eg berre vatn). Avkjøl og servèr.
Det går òg fint an å servèra den som den er.
Pasjonsfrukt er perfekt attåt denne søte desserten.
Surt og søtt. Mmm...

post signature

mandag 15. april 2013

Fargekodar og svar på spørsmål


Eg får ein del spørsmål om fargekodar etter reportasjane i Boligpluss og Boligdrøm, bilder på instagram og her på bloggen.
Her har eg derfor samla dei viktigaste.




Fargekoden på skapet er 2510-B70G
Krakken er S0520-Y70R




Fargen på lysestaken er S1040-Y85R




På den eine veggen i stova har eg Valmuefrø, S4502-Y.
Ein veldig lun og fin gråfarge som eg er veldig fornøyd med.
At det er ein liten dæsj (2%) gult i, gjer at den ikkje blir blålig.




Tallerkenhylla og dukkesenga på Frida sitt rom er malt i S0580-Y10R





Fekk og spørsmål om denne puta her om dagen. Eg har svart deg på kommentaren din, men svarer deg her  og. Puta er frå Kremmerhuset. Kjøpt for ca 4 år sidan.




Veggklisteret med teksten frå Hellbillies song "Den finast eg veit" er bestilt frå Happylines

post signature

fredag 12. april 2013

Gje bort og konkurranse

I samarbeid med Strai kjøkken har eg ein gje bort til dykk. Du kan vinna dette stilige salt&pepper settet frå Menu. Korken i tre er gravert med Strai. Skikkelig fine. Har jaggu lyst på dei sjølv og.






Det du må gjer for å delta er følgande:
1 lodd - Gå inn her å delta i konkurranse og legg igjen svaret i ein kommentar her når det er gjort. Dette er enkelt og dette er det einaste du MÅ du gjer for å kunne delta.

For å sikra deg ekstra lodd kan du
1 lodd for å like Strai kjøkken på facebook
1 lodd for å dele gje borten på facebook eller blogg ved å bruke bilete over
1 lodd for å følge Feien og Fjong via Google kontaktnettverk

I alt kan du altså sikre deg 4 lodd. Trekning vil skje den 1.mai.

Har du sett det nye magasinet til Strai?
I tillegg til katalogen som er stappfull av kjøkken og bad, har dei i år gitt ut eit magasin med mange hjemme hos reportasjer, årets nyheiter og masse inspirasjon.
Skal du ha nytt kjøkken eller kanskje berre er ute etter nettopp inspirasjon bør du ta ein titt her.



fredag 5. april 2013

Gledens dag



Ja, det er nettopp det det er. I fare for å bli oppfatta som materialistisk.
5 år har eg venta på nytt bad. Penger er spart opp og nå er flisene bestilt.
Då er me offisielt i gong.
3 x hurra!
 
 
 
 
Slik håpar eg badet ser ut i løpet av få månadar.
Eg har heile vegen tenkt kvite 60 x 60 fliser på golv. Hadde eg vore bestevenn med vaskefilla, hadde det kanskje ikkje vore så ille. Ettersom eg ikkje er det, har eg havna på lyse grå. I håp om at det er ein tanke meir praktisk. 
På vegg blir det gips. Eg var litt fram og tilbake på fliser og gips på vegg. Eg kan ikkje lika den flisekanten ein då får opp på veggen. Men så kom eg på at det jo ikkje er fugene som er tette, men membranen. Eg snakka med fliseleggar og han kunne bekrefta at det ikkje var problem å kutte ut flisekanten berre ein brukte membran. Fliser ville eg ikkje ha pga at eg må ha muligheten til å endre farge på veggen. Litt usikker på om det blir kvit vegg eller om det blir same farge på vegg som golv flisene.
Inni dusjen skal eg ha ein vegg med mosaikk som kan minne om perlemorskjell, med eit hint av mint i. Midt i blinken for meg og eg fallt pladask. Ettersom det sikkert  var butikkens dyraste fliser, blir det kun på ein vegg. Sjeldan eg går for dyre løysingar, men desse ville eg så VELDIG gjerna ha. På vegg bak speil og vask skal eg ha tømmer eller panel som er beist i grå/beige.
Lampar med stoffledning og store pærer hengane frå ein drivved pinne.
 
Badet har eg aldri vist dykk, men det skal eg gjer snart.
Dykk skal få sjå før/etter bilde når det nærmar seg :-)
Kan ikkje venta med å komma i gong!
 
Etter 5 års ventetid er det vel lov å føla seg litt ekstra lykkeleg nå når me faktisk er i gong?!
Sjølv om det er materialistisk lykke.
 
Ei ekstra glad Hilde ynskjer deg som er innom ei fantastisk helg ☺
 
post signature
 


fredag 15. mars 2013

Sanselig Rom - Kjøkken



Når me først er i gong, bidrar eg med kjøkken òg i Franciskas utfordring.
Kjøkkenet er av merket Strai.
Veldig fornøyd med kjøkkenet og løysingen.
Det er stort og åpent. Klassisk og moderne. Enkelt, men alikevel ikkje kjedelig.
Synes eg.
 Her kan du sjå mange andre inspirerande kjøkken.








Søndag er det bursdag i hus igjen - denne gong er det min tur. Bursdag er gøy - uansett alder :-)
 Ikkje rundt tall i år, men neste år derimot, blir det fest og kalas. det er lov å gleda seg allereie?!
Ynskjer deg ei god helg ♥

post signature



torsdag 14. mars 2013

Sanselig Rom - Stove


Franciska har ny bok på gong. Sanselig Rom er oppfølger til Sanselig jul og Sanselig Sommer. Tidlegare har det berre blitt med tanken, denne gongen hiver eg meg med. I siste liten sjølvsagt.
Fristen for å dlta i utfordringa for å bli med i boka er nemlig i morgon.
Når alle bildene ligg på den gamle treeeige PCen og den nye raske tar tid å venne seg til og i tillegg ikkje har eit einaste bilde på og heller ikkje Photoshop. Og Photoshop cd'en akkurat nå ikkje er å finna. Ja, då skulle det ikkje væra så fort gjort og enkelt..
Men når alt er oppe å går igjen om ikkje lenge, då er nok det berre velstand igjen.




Her kan du sjå mange andre inspirerande stover. 















post signature



mandag 11. mars 2013

Sanselig Rom - Uterom


Litt reprise frå fjorårets uterom. Den eine benken har jo som du sikkert har fått med deg fått flytta inn i spisestova. Den må nok ut igjen når været blir varmare og terrassen brukande igjen. I mellomtida var det kjekt med litt forandring.
Ingen tvil om at forandring fryder.



Her kan du sjå andre inspirerande uterom.






post signature

søndag 10. mars 2013

Sanselig Rom - Soverom

Franciska vil ha inspirerande bilder av soverom, kjøkken, stove, jenterom, gutterom, uterom til si nye bok Snaselig Rom som skal koma ut til hausten. Hadde jo vore veldig stas å få bli med der.
Her kan du sjå mange andre inspirerande soverom.





"Men når dyna varmar rundt oss båe to
i mørke natta,
ska eg kviskra i øyra ditt og svara på
koffår du e den finast eg veit

Kor eg henta alt motet frå
kan kje eg forstå
Men ein ting veit eg klart og greit;
at du e den finast eg veit"
Hellbillies
Den absolutt finaste songen eg veit.. Og etter at me hadde den i bryllupet vårt er det vår song ♥


post signature


onsdag 6. mars 2013

Åpen dag på Gullingen




Ingen planar på lørdag og i nærheten av Gullingen i Suldal Kommune?
Interessert i hytte ved Mosvatnet?
Nytt kjøkken?




Då må du komma te oss :-)



Som du ser av programmet blir det smørekurs, skiteknikkkurs av Audun Laugaland, scooterkjøring for barn og grilling. Meir arrangement er det og ved skitrekket. Eg skal stå på stand og snakka om kjøkken og interiør. Kom å slå av ein prat.
Ellers kan dykk òg ta ein tur i lysløypa. Det er jo meldt strålande sol


post signature

fredag 1. mars 2013

Fargerik borddekking


Vips så var me i mars.
Tidleg vårmånad.
Boligpluss har begynt med ei ny utfordring. Denne månaden vil dei sjå spiseplassen/borddekking. Neste månad er det soverom. Alle bidrag kan du sjå på Boligpluss. Der kan du óg avgi stemmer på spiseplassen du likar best.




Forening med fjonge jenter er ein perfekt anledning til å dekka bordet litt ekstra.
Legg merke til hjerte på servietten. Ein liten enkel detalj.


 
 
Litt miks mellom messing, tre, pastell og glass.
Det funker det?
Eg synes nå iallefall det.
 

 
 
Synest til og med til solskinn på bilde gjorde seg.
 

 
 
Ranunkler er berre dei finaste blomstene.
Kan virke som dei er litt ekstra populære i år? Kan ikkje hugsa at dei har blitt vist fram så mykje på bloggar og instagram før, men kanskje er det berre eg som gløymer for kvart år.
 



"Det er fredag.
Det er fredag.
Det er tia hvor vi får en fridag.
Det er fredag, så hva skjer a?
Det er tia hvor vi skal bli
HAH!!"
Jaa9 og onklp
 
God fredag og helg til deg.
Kjekt at du stakk innom ☺


post signature