mandag 26. november 2012

Tilbake til Landstil


Me må litt tilbake til bloggtreffet på Landstil.
I går, omsider, fekk eg pakka opp goodiebagane me fekk frå både Maia og Landstil.
Eg har sjølvsagt sitt kva som befant seg oppi, men ikkje etter at eg kom heim frå bloggtreffet.
Me startar med fabelaktige Maia sin goodiebag:



I kullposen låg det eit Bo Bedre magasin, servietter frå Caspari, telysholdar frå Kremmerhuset, duftlys frå Yankee Candle, vintage decoration frå Miss Etolie og ei nydeleg sukkerskål frå Wiik og Walsøe.


I goodiebagen frå Landstil låg det:
Eit nydeleg skjerf frå Barfota.
Hanskar frå Rosenvinge som også kan brukes på smartphone - genialt!
Endå eit nydeleg skjerf frå Burin
Cote Noire såpe levert av Chic Antique
Herleg duftlys fra 2ispann
Fine ord på kloss, frå ukjent leverandør
I tillegg var eg heldig å vann ein gåve frå Landstil, eit fint speilskrin.
Kunne kanskje vært perfekt for ein som smalar på all slags rart og fint?!
Har nemleg ein plan med det..

Eg hadde eigentleg ein plan om ikkje å handla så mykje. Men den gjekk fort i vasken då eg fann nokre ting eg hadde veldig lyst på alikavel. Rart med det.
Eg var ikkje akkurat den einaste som gjekk ut med desse serviettane, rosa trå og lyslykta.
Men puta derimot, var det berre ei av. Har lenge ønska meg ei paljettpute og har sett på denne tidlegare.
Nå som det var 30% kunne eg jo kjøpa den med god(?) samvittigheit.
Den er frå Senze of Joy og fargen heiter eigentleg silver, men eg vil påstå den er meir gull. Men ikkje av den voldsomme typen om eg kan sei det på den måten.

Ny veke og nye muligheiter.
Her står først ein tur i bassenget med ungane på planen. Kjekt å ha noko å gjer når Bonden er ute å steller med sine(les: mjølker kyr). Seinare er det trening for mor. Innebandy og sirkeltrening. Knall kjekt. Har ikkje sluntra unna ein einaste gong sidan 3.september. Sjølv med forskjølelse og plagsom hoste.
*stolt*


søndag 25. november 2012

Velkommen innom


Då er interiør utstillinga på Drøsen(Sandetorjå på Hjelmeland) offisielt åpen.
Her har me kjøkken; Strai Norform og Aubo, Langlo garderobe, ovner frå Nordpeis, Jøtul og Aduro, Storeys tapet, parkett frå Kährs og Boen Parkett, baderomsplater frå Fibo Tresbo.
 


Til og med sjefen sjølv kom innom for å sjekke stemninga.
 
Det er sjølvsagt mulig å berre bestille håndtak eller benkeplate til kjøkken f.eks.
Glasplate til å ha under ovn som du ser på bilete over her, glasplate til å ha ved steiketopp eller vask.
Me har ganske mykje, så det er berre å høyra med oss ☺
 
 
 
 
I forbindelse med åpninga, har eg mange knalltilbud.
Ut denne månaden har eg 20% på parkett frå Kährs.
30% og fri frakt på skyvedørsgarderobe frå Langlo. Me kan senda land og strand rundt.
25% på kjøkken frå Strai - gjeld bestilling i 2012
25% på kjøkken frå Aubo - gjeld bestilling i 2012.
 
 
 
 
Det var ein koseleg kveld. Alle var positive og rause med fine ord. Eg blir jo heilt rørt.

Fine gåver blei og lodda ut. Og det er jo berre fantastisk å høyra gledes hyl når nokon vinn.
"Lodd nr 7."
"Jaaa! Sa du nr 7?"
"Ja, nr 7."
"JAAA!"
Fantastisk.
Som du kunne sjå i forrige innlegg, lodda eg ut ein valgfri jakke frå Skogstad. Det skal jo ikkje akkurat væra vanskeleg å velga seg noko der. Har opptil fleire jakkar til både store og små her i huset. Dei populære Happy Lights lyslenka frå Nord Design.
Blüm skuffeinnredning frå Strai med bl.a. genial kuttar til aluminiumsfolie, tallerkenholdar, krydderholdar.
Gåvekort på massasje frå Spa Hotell Velvære.
3x3ltr Lady Pure Color frå Jotun.
Oppskriftsbok frå Blomsterhjørna som og sponsa Interflora posar.
 
Tusen takk igjen til sponsorer!
 

 



Kjekt å ha med seg ei medbloggerinna òg ♥
Birgit med bloggen Landliv i Ryfylke
 


 
 
Eg serverte enkel fingermat og fantastisk god eplemost frå Grønvik Gard på Fister.
 
 
 
 
Treng du nytt kjøkken?
Skyvedørsgarderobe?
Eller noko anna, er det berre å ta kontakt.
Eg er tilgjengelig på mobil 976 35 791 eller e-post hilde@enkel.no.
Rommet er stort sett ubemanna, men eg sit på kontor rett i nærheita om du vil ha hjelp.
Elles er det berre å komma innom å sjå.
 
post signature
 


mandag 19. november 2012

Åpning av nytt utstillingslokale


Nå på onsdag skal eg ha stor åpning av det nye utstillingslokalet til Enkel Bygg og Butikk.
For å gjera litt stas på åpninga, har eg skaffa sponsorar til både goodiebags og gåver til utlodning.
Eg satte ei grense på 30 stk og påmeldinga gjekk unna på kort tid. Har til og med 5 på ventelista. Knall kjekt at så mange vil bli med.
 








Med på laget har eg fått med meg desse sponsorarane.
Tusen takk for at dykk er med å feirer ☺
 
 
Dette er gåvene til utlodninga:
 
 
Nord Design



Spa Hotell Velvære på Hjelmeland


Blomsterhjørna på Sandetorjå på Hjelmeland
 
 
Jotun
 
 
Skogstad Sport


Strai kjøkken og bad


Dette blir å finna i goodiebagen: 
 
Electrolux
 
 
ROM123

 
Skogstad Sport
 
 
Langlo


I tillegg blir det gode tilbud på diverse interiør dei neste vekene.
Sjå berre her:



Kährs
Aubo
Strai
Langlo
Electrolux


Tusen takk til alle som er med å bidrar og deltar.

Eg gler meg ☺


 

søndag 18. november 2012

Finale!!






Når eg deltar i NIBs månadlege utfordringar, 
har eg eit ørlite håp om å komme til galleri eller aller helst finale. 
Ørlite. 
Kven har vel ikkje det? 
Etter kvart kjem det inn rundt 200-250 fine og kreative forslag, og håpet svin litt hen. 
Då er det ekstra stas når ein ser sitt bidrag dukkar opp i galleriet og nesten litt ubeskriveleg når ein kjem til finalen. For ikkje å snakk om å vinna - den følelsen at mitt bidrag har fått flest stemmer..
Alle interiørbloggeres drøm. Deilig og motiverande å få bekreftelsar på at nokon likar det ein gjer.

Du kan gi din stemme her.
Om det er mitt eller ei som er din favoritt, får du avgjer.
Eg er takknemleg for å væra blandt topp 10 uansett.
God kveld!

post signature


onsdag 14. november 2012

Medisin og melk

 
Svigers har rydda i kjellaren i haust og desse kjekke flaskene dukka opp.


 

Den til høgre er medisinflaske og dei to til venstre er melkeflasker.
Har sikkert sett på dei før og ikkje hatt lyst på dei då.
Ting endrar fort..
 
 

 
 God kveld til deg!
 
 

mandag 12. november 2012

Oppskrift: Chilikylling med chorizo og cherrytomat.

 
Eg vil dela ei oppskrift som eg har servert i 2 foreningar
 eg har hatt nå i oktober og november med dykk
Enkel og god middag som lett kan lagast litt i forvegen for så å steika siste rest rett før gjestene kjem. Oppskrifta fann eg hjå Trines matblogg. Er du ute etter ei ny oppskrift til kvardags eller fest, er dette absolutt plassen å leita.
 
 
Chilikylling med chorizo og cherrytomat
(prøv å sei det fort 10 gonger..)
 
 
 
Til 3-4 porsjoner treng du omtrent:

    4 store poteter, i båter
    1-2 gulrøtter, i skiver
    1 pastinakk, i skiver
    8 sjalottløk, delt i to
    2-3 fedd hvitløk, finhakka
    3-4 kyllingfiletar, delt i 3-4 biter kvar
    1 dl kvitvin (eller kyllingkraft)
    1 boks hermetiske cherrytomater
    1-2 ts sambal oelek (chilipasta)
    100-150 gram chorizo, i biter
    salt og nykvernet sort pepper
    frisk timian
     
     
    Skrell poteter, gulrøtter og pastinakk og skjær opp som angitt. Kokes i lettsalta vatn i ca 3 minutt. La grønnsakene renna godt av og fordel dei i botnen av forma saman med sjalottløk og kvitløk.  litt Ha på litt olivenolja og litt salt og nykverna pepper. Steikes ved 225 grader i ca 20-30 minutt, til grønnsakene er nesten møre.
    Mens grønnsakene kosar seg i omnen krydrar du kyllingbitene med salt og nykverna pepper. Brun kyllingen i ei blanding av smør og litt olivenolje, til den får litt farge på alle sider. Legg kyllingbitene deretter oppå grønnsaksblandinga når den er ferdig forstekt, saman med chorizo, hermetiske cherrytomater og grovt hakka timian.

    Rør saman kvitvin/kyllingbuljong og chilipasta og fordel det over forma.
    Sett forma tilbake i omnen og steik i ytterligare 15-20 minutt, til kyllingen og grønnsakene er passe steikt. Serveres med brød og rømme.
     
    Kan jo nevna at eg brukte ferske cherrytomater saman med vanlege hermetiske tomater, då eg ikkje fann hermetiske cherrytomater. Vel så godt det kan eg tenka meg.
     
    

    søndag 11. november 2012

    Ny svin god seng.

     
    I alle år har me hatt ei "simpel" IKEA seng eller gamle madrasser.
    I februar kjøpte me ny. Bonden var litt skeptisk til å bruka så mykje penger på ei seng og meinte at ei rimeligare seng sikkert var vel så god.
    Etter ny seng kom i hus har han endra meining og innrømma lett at pengene var vel verdt det.
    Ryggen hans er òg svært nøgd.
     
    

     
     
    Senga kjøpte me på Møbelringen Jørpeland.
    Her er eg alltid nøgd med servicen. Valget fallt på Wonderland Harmony.
    Ein kan velge om ein vil ha mjuk, medium, fast eller ekstra fast.
    Me har ei mjuk og ei fast, ettersom me har ulike behov.
    Farge kan ei òg velga. Sidan rommet er så mørkt, gjekk me for den lysaste, Linen.

     
     
     
    Puter kjøpte me og. Dei er frå Svane. Endeleg fann eg ei pute som er god.
    Ei pute er vel ei pute tenkjer kanskje du nå. Men nei, der er eg ikkje einig i. Mulig eg er kresen.
    Dette er ei fast, men mjuk pute som alltid held formen. Du kan klemma den saman, men den sprett ut og er like fin igjen. Rake motsetningen av dun altså.
     
     


    Teksten på veggen er frå Hellbillies sin " Den finaste eg veit".
    Det er verkeleg den finaste songen eg veit..
    Eg er vokst opp med Hellbillies i kasettspelaren og har alltid likt dei.
    Difor måtte det sjølvsagt bli denne songen då me skulle velga kva song me skulle ha i kyrkja då me gifta oss for 4 år sidan. Nydeleg framført av kamerat på gitar og venninne som solist.
    Dette er liksom vår song og eg blir grådig fornærma når Bonden ikkje byr meg opp til dans når den kjem over høgtalaren. Det blir visst til at eg byr/tvinger han..
     
    Innlegget er ikkje sponsa. Eg er rett og slett berre så nøgd at det var verdt å fortella om.
     

    fredag 9. november 2012

    Feirar du farsdag?


    På søndag er det farsdag. Feirar du eller er du ein av dei som meiner at det er amerikansk?
    Eg er einig i at Valentines Day og Halloween blir litt for mykje.
    Ok. Hadde eg hatt ein romantikar i hus, hadde eg nok ikkje akkurat forakta Valentines Day.
    Men morsdag og farsdag er eg absolutt for.
    Sjølv om ein set pris på dei året rundt, er ein ikkje alltid like flink til å vise det. Og då synest eg det er fint å ha ein dag der ein gjer nettopp det. Både i ord og handlingar. Eg meiner ikkje at me treng å bruke hundrevis av kroner på gåve. Eg sjølv synest det er stas å få sove frampå, heimalaga kort av ungane, frokost på senga er vel eigentleg litt oppskrytt, men heller å gjer litt ekstra utav felles frokost. Ein god unnskyldning for å ha kake er det jo òg ☺
     
     
    Mansjettknappar frå Snella og Petronella
     
    Så var det helg igjen. Me har heilt fri. Ingenting me må eller bør gjer. Avløysar. Det er sjeldan og difor heilt fantastisk. Då tar me ein tur til mine forelsre i Jøsenfjorden. Ikkje berre er det farsdag men far sin bursdag i morgon.
     
    Ha ei fin helg
     
     
     

    onsdag 7. november 2012

    Tips: Fornying av lysbryter

     
    Kjenner du igjen gule, misfarga lysbrytere og stikkontakter?!
    Her kjem eit enkelt tips til korleis bli kvitt dei.
     
     
     
     
    Ok.
    Det enklaste er nok å kjøpa nye.
    Men om du heller vil ha ein ny og kanskje litt unik vri, så er dette noko for deg.
     
     
     


    Eg kjøpte litt gullakk som fins på miniflasker på malingsbutikk.
    Den lakka eg samtlige lysbrytere og stikkontakter. Det måtte bli gull då det er det det går i på soverommet. Det var lite fint å ha ein gulig lysbryter midt blandt bileta her.
    (kanskje snart på tide å faktisk få bileter inni ramene?!)
    Etter at den blei lakkèrt blei det jo berre litt dekorativt.

     
     
     
    Same lakken brukte eg på håndtaka på kommoden her.
    Ikkje så mykje som skal til.



    

    mandag 5. november 2012

    NIBs november utfordring: Kos

     
    NIBS november utfordring heiter altså Kos.
    Kva er kos for meg?
    Det er mykje det, men det første som slår meg er definitivt sjokolade.
    Eg er ein ordentleg sjokoman.
    Always been, always will.
    


     



    Og med eit kaldt glas melk attåt.
    Mmm..
     
    Kva er kos for deg?
     
    

    søndag 4. november 2012

    Førjulskos på Landstil

    Vel heima etter ein latterfull laurdag med festleg og sprudlande lag.
    Kl 13 i går satte 47 forventningsfulle interiørfrelste jenter seg på bussen til Moi.
    På bussen var det quiz, kåring av av den mest interiørbloggete interiørbloggeren. Eg måtte gi meg som den 3.siste på påstanden om å eige eller drømme om å eige ein Hay eller Eames. Lekre er dei, men drøymer altså ikkje om ein. Men man skal aldri si aldri.
    Hildemor stakk av med seieren.
    Vidare var det utlodding av premier og det supre er at alle får.
     
     
     
     
    Vel framme blei me godt tatt i mot av Tone som driv Den Franske Landstil og nydeleg song.
    Shopping. Champagne. Konfekt. Gåver. I tillegg til alt det fine butikken har å by på. Det er ikkje måte på kva desse damene steller i stand for oss.
     
     
     
     
    Lille speil på veggen der, er Tonje vakrest i landet her?!
    Ja, Tonje er både vakker og tvers gjennom god.
     
     
     
     
    Herleg konfekt, boller og flott kake som ingen turde å sprette.

     

     
    Køen blir lang når 47 stk skal betala..
     
     
    Det blir naturleg nok ein del knipsing på eit bloggtreff.

    Også var det tid for gåve utdeling.
    Camilla var så heldig å vant et valgfritt antrekk frå Cream. Analiza vant eit industriskap. Mari Ann vann ein genser som du ser under her. Ja, dei er ikkje snaue desse damene.
     
     


    Lurer på kor mange rosa poser som var ombord på bussen heim igjen?!
    Berre eg hadde visst 3 og då var berre den eine som eg hadde stått for sjølv.
     
     


    Elisabeth kom frå Karmøy for å bli med på sitt aller første bloggtreff. Ei gladjenta som er lett å snakka og fjolla i lag med, som eg var så heldig å få sitta med under middagen. Beklager at eg var så vrong å plent skulle stå i den teite køen, men du fekk deg jo brownies så du kunne kosa deg med. Me var i seng like etter.
    Håpar me treffes snart igjen. Eg må òg nevna "bordkavaleren" på den andre sida av meg, Vicky. For ei sprudlande frøken. Heldig var me som hadde deg ved bordet og endå heldigare er dei som får ha deg rundt seg i den vanlege kvardagen. Me har mykje å læra av deg.
    Håpar du har ein fin kveld. Mafia. hihi.
     
     

     
    Karoline samlar signaturar og overrekk gåvekortet til Maia. Etter alt hu har gjort for oss, har hu verkeleg fortjent litt spa behandling.
     
     

     
     
    Til slutt må eg visa denna effektive og gode jenta.
    Sjølvaste Fabelaktige Maia.
    Du er ein fryd å væra med. Allereie nå har hu byrja å planlegga nytt bloggtreff i mai og kanskje til og med med cupcakekurs?! Det høyres kjempe spanande ut. 
    Du er suveren!

     
     
     
    Igjen - tusen tusen takk til Den Franske Landstil, Maia og alle dei fine frøknene som var med.
    Takk for at dykk trimma lattermusklene mine og har gitt meg minner eg skal smila og leva lenge på.
     
    Ha ein fin veke kor du enn befinn deg. Nå er eg tilbake og skal blogga litt meir framover. Har blandt anna tatt bilete til NIBs novemberutfordring som kjem i morgon.
     
     

    fredag 2. november 2012

    Det er i morgon det skjer.

     
     
    På bussen, på Den Franske Landstil på Moi, på bussen igjen og i Stavanger.
    Det er her det skjer.
    I morgon.
    Førjulskos.
    Heilt sidan mars har Fabelaktige Maia stått på.
    Heilt sidan mars har me gleda oss.
    Heile 47 stk blir me.
    For eit opplegg og for ein gjeng.
     
     
     
     
    Mange mange er med å sponser gåver til utlodding og goodiebags.
    Landstil er drevet av Tone og Anette, mor og datter. Dei har mykje mykje spanande for oss på lur når me kjem; catwalk, fingermat, champagne, shopping og har til og med litt hemmeligheiter på lur.
    Wow!
     
    Dette er sponsorne.
     
     
    Dette er jentene som er med.
     
     
    Bråtan | Renate
    ElleMell | Hanne
    Tretoen | Linnea
    Fabelaktig | Maia
    Pink Lady | Tina
    Lizas verden|Liza
    Byfrua | Veronica
    Fargebarn | ElineMellaogmalla | Linda
    Bondekåna| Linda
    Hildemora | Hilde
    Vinkelveien | Lene
    Siljes blogg | Silje
    Grip Dagen | Marit
    Min glede | Annfrid
    Camillaeli | Camilla
    Vakre dager | Tone
    Rom for alt | Penny
    House of Bo | Bente
    Mrs Hardy | Manuela
    Fruehuset | Marianne
    Ella og litt til | Elisabeth
    LillPastill | Lill Charlotte
    Dagdrømmeren | Tonje
    Snuskebassa | Liv Astrid
    Meaning Moon | Cynthia
    Et Levende hjem | Vibeke
    Top of the Moon | Kristina
    A little bit of me | Michelle
    Elisabeths Idyll | Elisabeth
    I vinduskarmen | Veronika
    Petrus&Petrine | Nann Karin
    Jentene i Svingen | Karoline

    Mange kjenner eg allereie og mange har eg ikkje truffet.
    Nå føler eg at eg har gått glipp av mange treff i haust og difor trur eg at eg gleder meg mest av alle ;-)
    Endeleg.
     
    Eg og Birgit skal dele hotellrom.
    Bønder i byen faktisk.
    Hoho.
     
    Når det offisielle treffet er over er det mange som skal ut å eta i byen.
    Kanskje blir det litt vin og dans òg?
    Eg er iallefall klar ;-)