mandag 25. juni 2012

Ein dag i mai..

..fløy eg over Hetlandsbygda.




Kvar vår/sommar kjem det ein gjeng som driv med dette å flyr over Hetlandsbygda.
Time etter time.
Før dei landar trygt og kontrollert på ekra rett oppføre huset vårt.
Eg har lenge sagt at eg har lyst å prøva,
samtidig som eg har sagt at det kan henda eg trekk meg når eg står på toppen.




Ein søndag i mai fekk eg plutseleg oppleva det.
Me hadde akkurat parkert i tunet etter å ha feira flott brudepar på Voss,
då instruktøren på kurset som blei holdt den helga kom ned til oss.
Kva passar vel betre enn å avslutta ei helg på Voss med paragliding liksom?
Sjølv om det var heima på Fister og ikkje Voss..




Eg var ikkje i nærheten av å trekka meg. Pulsen var (nesten) på kvilestadiet.
Ok. Kanskje ikkje. Kribla gjorde det jo.
Håpar virkelig eg får ein tur til ein vakker dag.


I bakgrunnen ser du garden vår.


Fantastisk opplevelse.
Den følelsen.

post signature

onsdag 20. juni 2012

Til salgs - Ektorp trekk

Pga stil og fargeendring, vil eg nå selga 2 brune trekk til 3-seter Ektorp sofa.
Kun brukt 2 år - litt sånn av og på ;-)
De er bestilte på Bemz.




Stoffet er litt grovt og kraftig. Ganske solid. De er fint brukte, vil eg påstå.
Nå er det ei stund si eg hadde de framme, men eg meine det ikkje skal var flekker og iallefall ikkje anna slitasje.




Eg betalte rundt 4500,- for de, med frakt og toll.
Eg selge dei nå for 2500,- det er inkl frakt.

post signature

tirsdag 19. juni 2012

FINALE!!

Du og du..
Tenk at ein kan bli så glad og kry over noko så lite - som jo absolutt ikkje er lite for oss.
Detta er vel alle interiørbloggers drøm. Eller?
Eg synest iallefall det er kjempe stas!




Takk for mange fine kommentarar og dykk som allereie har stemt på meg. Veldig kjekt å høyra.
Takk òg til deg som kjem til å stemma på meg ☺

Stem på din favoritt her.
Du kan stemma fram til torsdagskveld.

post signature

mandag 18. juni 2012

Utfordring - bordkort

Kanskje er detta litt juks, eg legg meg derfor flat med ein gong..
Bordkorta eg viser har eg ikkje laga sjølv. Begge er frå bryllup eg har vore i.
Til søster og venninna.
Eg har alikavel, samen med bruden, vore med å bidratt til ideen og det er derfor eg tar meg til rette å bidrar med desse.



Vimpel er jo så poppis. Men har ikkje sett mange som har brukt det til bordkort.
Synest det gjorde så utroleg mykje med bordet
og ekstra smashing var det jo at det matcha tak pynten.
Sjå berre nedanfor.




Bidrag nr 2 er frå søsters bryllaup i fjor.
Innbydelse, blomster, telys og bordkort gjekk i rosa.
Derfor var det veldig fint å røffa det opp litt med svart dymo.
Enkelt og dekorativt.


Det er Små øyeblikk med cams som held denne utfordringa.
Hu har berre blogga nokre få månadar, men har allereie rukke å få imponerande mange lesere på kort tid. Kan eg jo godt forstå..
Ta ein titt innom å sjå sjølv.
Og er du på jakt etter inspirasjon til bordkort. Finn du det nettopp der.

post signature

søndag 17. juni 2012

DIY/SDS benk


Denne SDSen kan kanskje sjå litt voldsom ut med det sama.
Men eigentleg er den ikkje det.
Når berre materiale var oppkutta i riktig lengder, er resten lett som ein plett.
Kven som helst kan klara det.



Mine benkar er 180x50cm og høgden 41,5.
Eg ville ha den litt låg, då eg skulle ha litt tjukkelse på putene.
Og benken er sjølvsagt laga etter putenes mål. 4x45cm.
Det kan væra lurt å ha i bakhovudet når ein planlegg benkens mål.

Til ein benk treng du:
2x180cm med 2x2" (langside ramme) 
2x50cm 2x2" (kortside ramme)
6x35cm 4x4" (bein)
1 sponplate 240x120x15 kutta opp til benkens størrelse 180x50cm.
4 små vinkler + skruer
lange skruer (skal gå gjennom ramma og et stykke ned i foten.)
maling, svart Shipolin

Eg har brukt impregnerte material (utanom sponplata) berre for å væra på den sikra sida, men det er nødvendig. Smiler du fint, får du god hjelp til kutting der du handler materialet.
Mitt er kjøpt på trelasten til Enkel, snille kollegaer hjalp meg godt på vei ☺

Framgangsmåte:
Planlegg og teikn gjerna ei skisse. Kutt opp i ønska lengder. Hjørnene gjæres. Det gir eit veldig mykje finare og proffare resultat. Plassèr bein i kvart hjørne, mål deg fram til midten og plasser 2 føter på kvar side av midten for ekstra støtte. Så er det berre å skru i vei. Eg skulle nok hatt nokre ekstra stiftar for å festa plata til ramma utanom dei 4 vinklane.



Dette er under plata. Har festa med vinklar. Vil anbefala og festa med nokre ekstra spikrar, eventuelt fleire vinklar enn kva eg har gjort.



Eg har malt min med svart Shipolin som er båtmaling og tåler ein del del. Skal du beise den, bør du ikkje bruka impregnert material, då fargen blir forskjellig frå sponplata som er natur.
Legg merke til hylla over benken. Det er gamle ski som Bondens farfar har laga.
Har òg laga stige tidlegare av det andre paret.


Stripete puter og korg til oliventre frå Tinek og store kvite puter frå IKEA.

Vinen er satt på kjøling. Nokon som er med?
Kom kom ☺

post signature

torsdag 14. juni 2012

Dagens lunsj..

..er inspirert av Marta på Instagram (www.litt-mitt.no).

Lefse med heimalaga potetsalat, steikt spekeskinka og sukkererter.
Enkelt og veldig godt!




Er du på Instagram? Vil du følge meg finn du meg på FeienogFjong.

Ha ein fortsatt fin dag!


- Posted using BlogPress from my iPhone

søndag 10. juni 2012

Drømmedag ♥

For ein dag!
For eit par!
For ei brud!
Sjå berre her..



Som eg jo nevnte tidlegare, detta kom til å bli eit heilt spesielt bryllaup. Detta er frøkna som kan bryllupsplanlegging. Eg føle meg forbigått - så til de grader - på bordpynting og bryllaupsplanlegging generelt. Sjølv om eg bidrog til nokre av idèane til pynting, synest eg alikavel hu har gjort ein så sabla god jobb med å setta dette saman.



 
Til og med barnavogna glei perfekt inn i hagevielsen. Svaner fløyt forbi i det nydeleg song blei framført.
Detta var ein drømmedag av dei sjeldne, til og med for meg som berre var gjest.
Kan ikkje forestilla meg korleis det var for paret.
Romantisk.

 


Brura har sjølv plukka blomstene, kvelden før. Hu leverte dei til blomsterbutikken på morningen.


 
Den nydelige forlovaren matcha brudebuketten perfekt.
Dykk er nydelige begge to.
Eg blir faktisk litt stolt over å visa fram dei fine venninene mine.
Heldige er dei som har dykk. Hold godt fast på dei. Dei er heilt spesielle.
I bakgrunnen kan du skimta ei til av dei ♥




Markblomster og lys i syltetøyglas med blonder og hyssing.
Serviett pom pom.
Blonder rundt bestikk.
Vimpel til bordkort.
Vimpler og julelys i taket.




Det toppa seg når bruda troppa opp i nytt antrekk etter middagen.
Denne kjolen er heilt spesiell. Brudens mormor gifta seg i den, og ei veke etter detta bryllupet er det heile 50 år sidan. Armane er klyppt av og den er sydd opp. Ellers satt den som om det skulle vore skreddersydd for bruda.



 
Wow - elsker detta biletet!




Stolt mormor tek bilete av barnebarn med kjolen sin.

 

 
Tradisjonens tro, brudebuketten skulle kastas.
Kampklare jenter - og onkel - med "all the single ladies" rungande over høgtalarane.
Nokon gøymer seg litt i bakgrunnen..



Rislampar som bringer lykke svevande opp i sky
 - og litt rundt om kring - var ei fin avslutning på kvelden.

Takk for at eg fekk blogga detta. Meir bloggbart bryllaup har eg ikkje vore borti.
Synest òg det var veldig stas å få bli med å pynta og dilla på formiddagen. Sjølv om tyll og ballongar eigentleg ikkje kan anbefalas å jobba med i vind, hadde me det veldig morosamt og hadde lett gjort det igjen ;-)
♥ you.

post signature

fredag 8. juni 2012

NIB utfordring juni - Hage/uteplass

Eg er som vanleg ute i siste liten og må berre hiva inn detta innlegget. Planen har lenge vore klar, men det har altså ikkje vore ferdig styla før i dag.
Hjå NIB kan du få masse inspirasjon til uteplass/hage.

 

Heimasnekra møbler av fruen sjølv.
Skal gå nærmare inn på det ein dag om du vil.



Nye puter frå Tinek kom "i hus" i går.
Bestilt hjå Bohemia.



Uroen som skal bli lampe inne, har lenge stått på ønskelista. Då me var på kundekveld ifbm bloggtreffet sist veke, var eg snar med å kapra meg ein.

 
post signature

fredag 1. juni 2012

Litt nytt på jenterommet.

Då me var på bloggtreff hjå Ølen Møbel fann eg ein slik fin stol.
Ein sånn måtte eg ha med ein gong.
Bodil kjøpte to.
Då eg var på veg heim, kom eg til å tenka på kvifor eg berre hadde tatt ein. Eg trengte jo eigentleg to til Frida. Då var eg snar med å ringa til Birgit, som er nesten "naboen" min, nærmaste interiørbloggenabo iallefall ;-) Hu skulle var igjen til dagen etter, ettersom foreldra hennar bur der. Snille Birgit, hadde eigentleg kjørt derifrå hu òg, men heiv seg i bilen igjen og rakk å kapra den siste til meg før dei stengte dørene. Takk

 





Lampeskjermen er eigentleg ein gamal som Bonden hadde på sitt rom. Eg røska av stoffet og surra litt garn rundt. Nytt oppheng, lampeledning i "stoff", stor pæra med stjerner kjøpt på Clas Ohlson og nokre fuglar frå julapynten. Inspirert av May Helen, KROnPRINSESSENE.
Takk for kjempe kjekt treff i går




Tallerkenhylla kjøpt på bruktbutikk på Sand.
Syns det gjorde seg med litt gule detaljer mot det rosa og grønna.




Eg held på å laga kjøkken til jentungen. Tenkte å kjøpa eit til skap, slik at eit skap er for vask og eit til komfyr. Kanskje dukkar det opp ein ny idè før eg får "meka" meg til å laga det.

post signature