tirsdag 29. mai 2012

17.mai antrekk..


Vil berre visa dykk litt meir frå dei fine 17.mai antrekka. Kanskje synest du at du har sett dei før?! Ja, det er same antrekk dei hadde med jul. Har berre tilføyd litt 17.mai effekter, som sløyfe i hår, bunadsølja og nystrikka Marius-vest av Besta.

Jonah 4 år og Frida 2 år ♥

Jonah syns det er veeldig kjekt å "pose". Riktig fotogen er han.
Han som eigentleg ikkje kan stå i ro.




Kjolen til Frida er frå Name it.
Farmor satte på ei sølja som hu skulle få, og eg synest det blei litt fint, så den fekk henga der.




Antrekket til Jonah er frå Optimist of Norway. Eg vann det i ein gje bort hjå Svenngården.
Takk Amalie - beste gåven eg har vunnet nokon gong.
Veldig nøgd med det og kjem til å kjøpa det ved ei anna anledning. Vurderer du å kjøpa, kan eg tipsa om at størrelsane ikkje er store. Jonah blei 4 år i januar og detta er i str 104. Syns 104 har vore litt stort til han(han er ein liten 4åring), men detta passa akkurat. Krympa litt i vask.




post signature

onsdag 23. mai 2012

Som eg gler meg..

..til august.
Då skal me i det fjerde og siste bryllaupet for i år.
Både Bonden og eg har fått ærefulle oppdrag for dagen.
Han skal væra toastmaster og eg skal ta bileter. Ikkje sjølvaste brudebileta, for dei skal ein fotograf ta, men resten av dagen skal eg foreviga.
Det er søskenbarnet mitt, som òg er ei god venninna og jenta.
Bonden har i tillegg gått i klasse med hu på ungdomsskulen.




Då hu fann denna ringen på Epla, tenkte hu på meg.
Og snill som hu her, bestilte hu den til meg som takk for bileta.
Føler eg eit visst press nå?! Neida, det gjorde eg jo allereie ;-)
Middag og fest skal finna stad på naustet heima på garden.
Dei har ei heilt fantastisk perla heilt for seg sjølv ved sjøen.  
Her blir det stil over det heila kan eg lova.

 

 
Takk for tilliten - me gler oss begge to

Gler meg sjølvsagt til dei 2 neste bryllaupa òg ;-)
Det første av dei er allereie neste helg. Ser ut som været kan bli perfekt for utevielse. Jippi jei!
post signature


tirsdag 22. mai 2012

Bohemia

I dag har eg vore i byen. Boligstyling på Sola, og då måtte eg innom Bohemia ein tur. Her er det alltid mykje fint - både av interiør og klær. Fekk bestilt meg 8 Tinek puter til å ha på terrassen.














Viser dykk ein ørliten smakebit av neste prosjekt. Denna kjem snart for salg.




Fantastisk hage og uteområdet. Platting på kvar side av huset slik at ein garantert finn ein lun plass. Hadde eg vore på jakt etter hus i byen, hadde detta vore på ønskelista mi.

Hilde

Posted using BlogPress from my iPhone

torsdag 17. mai 2012

17.mai frokost og pavlova

Gratulera med dagen!




3 x hurra for Norge.
Bjørk og flagg i norgesglas - typisk norsk.




Ja altså, me hadde frokost òg, ikkje berre pavlova.
Ungane ville helst droppa frokosten og gå laust på kaka i staden.
Forståeleg nok det.
Svigers var òg med oss på frokosten.
Kjekt å gjera litt utav frokosten, det er jo tross alt ikkje ein heilt vanleg dag.




Mi oppskrift er veldig enkel.

Pavlova

Kjøp:
1 stk marengs botn
1 pk kremfløyte
1 pk vaniljekrem
1 pk blåbær
1 pk bringebær
1 pk jordbær.

Pisk krem og bland i vaniljekrem. Smør over marengsen. Sleng på bær.
Enkel og god dessert.
Detta må væra den mest brukte desserten 17.mai?!
Du treng jo ikkje å venta heilt til neste år med å prøva den.



post signature

onsdag 16. mai 2012

Eva Solo goodiebag

Nå er det 2 månader sidan det store bloggtreffet.
Og kanskje er det på tide å visa litt frå goodiebagen som Fabelaktige Maia kom med?

 


 

Tusen takk til sponsorer.
Og til alle dykk som var med for ein herleg kveld.

post signature

fredag 11. mai 2012

Sukkersøt gje-bort

Denne fine Cathrine Holm bolla vil Ida Susanne gje til ein heldig lesar.
Mange som ynskjer seg den, så her blir det nok kamp om lodda.
Men ettersom alle har like stor sjans, er det berre å prøve lukka.
Det gjer iallfall eg.



Gjer du?

post signature




tirsdag 8. mai 2012

NIBs mai utfordring - Nytt møter gammelt

Denne månadens utfordring hjå NIB er nytt møter gamalt. Eg er som vanleg ute i siste liten. Litt forsinka med trollemor som ikkje vil sova og var sikker på at det stengte klokka ni. Jaja, eg er på ein måte med alikavel ;-)




Gamal stol, kommode og vindu. Ny sofa, pledd, pute og nips.




Ny lilla pute, gamal brodert puta frå Fretex.



post signature

mandag 7. mai 2012

Kreative bryllaupsinvitasjonar

Eg har vel nevnt det nokre gonger nå, men me skal altså i 4 bryllaup i sommar.
Desse to er det berre nokre få veker til.
I posten har me fått 4 ganske ulike invitasjonar. Frå kreativ, heimalaga og utanom det vanlege til enkel og stilrein kjøpt og betalt. Alle veldig fine, på kvart sitt vis.




Den mest kreative er utan tvil denna. Cd med personleg cover. På cden er det kart, overnattingstips, gåveliste. Bilete av brudeparet på framsida, navn på invitetre på innsida og sjølve invitasjonen på baksida.



Detta er ei av mine aller nærmaste og bestaste venninner. Og eg gler så vanvittig mykje til å feira dei om nokre få veker. Ingen tvil om at det blir eit gjennomført bryllaup frå morgon til kveld. Detta er ei frøken med sans for detaljar. Dykk skal nok få sjå litt bileter etterkvart tenkjer eg.
Eg hugsar at eg hadde mange idear før mitt.. eeh.. vårt bryllaup, men mot slutten av planlegginga blei det litt sånn at eg droppa det og gjekk for det enkle heller. Hadde ynskje om runde bord og grønn (aller helst mintgrønn) gamal bil for eksempel. 
Denna bruda trur eg nok gjennomfører det meste, utan at det blir overdådig på nokon som helst måte.
Det er forresten eit tips til deg som skal gifta deg:
Gjennomfør draumen din, ikkje velg det enkle berre for at det er enklast slik viss det ikkje er det du eigentleg ynskjer. Du kan fort enda opp med å angra.
Eksempla mine er jo berre fille ting, og dagen blei sjølvsagt heilt perfekt.

 


Denna litle fortellinga var trykt på baksida av invitasjonen til eit syskenbarn me skal i bryllaup til nå i mai. Synest denna var så herleg. Og ekstra herleg var det at nettopp du hadde den. Du og eg var (er) jo kjempe fan av Ole Brum. Det er ikkje lenge sidan eg leste gjennom brev og Ole Brum-bursdagskort frå deg. Tenk at du gadd å skriva så mange brev til meg som berre var ein liten drittunge ;-)
Det seier ein heil del om deg ♥ 
Kor mange gutar var det eigentleg eg hadde eit godt auga til?!
 Det var visst ikkje få. Jaja, slik er det å væra fjortis ;-)
Bryllaup på Voss, det gler me oss til.


post signature

fredag 4. mai 2012

På høg tid..

..å trekka ein vinnar.




Wow - for ein deltakelse.
Då eg starta gje-borten var det 200 følgere eg feira. Nå kan eg nesten feira 300.
Knall kjekt at så mange var med. Og eg må sei meg heilt einig - premien er heilt super.

La oss koma til det kjekka. Det er heile 2 vinnera. Trommevirvel..


og 

Karjis

Sist nevnte er utan blogg og mail adressa, så nå håpar eg du tar turen innom igjen og gjer lyd i frå deg så skal du få støvsugaren din tilsendt.
Send meg adressa dykkars på mail, så skal eg få den avgårde så snart som mogleg.

God helg kjære søte du som er innom meg ein sein fredagskveld.


post signature

tirsdag 1. mai 2012

Annonsèr her?


Hjå Feien og Fjong kan din bedrift …
… annonsere i høgre kolonne. Eg kan koma med annonseforslag.
… holda ein gje-bort utan å måtte kjøpe annonseplass
… få eit produkt testa og skrevet om
… nå mellom 300-800 forskjellige lesere kvar dag, og i løpet av ein mnd har Feien og Fjong ca 12.000  sidevisningar. Alt etter kor mange innlegg det er.
Viss du trur du har eit produkt, ein butikk el. som kan passa inn hjå Feien og Fjong, ikkje nøl med å ta kontakt for å få tilsendt meir informasjon og prisar.

 
post signature