onsdag 25. april 2012

Er du med?

Har du hugsa å ta lodd på gje-borten min?
Du har fortsatt nokre få dagar igjen.



Denna geniale og praktiske, batteridrevne støvsugaren kan du ha ståande framme for dagleg finpussing eller flekkvis reingjering – eit perfekt supplement til den regelmessige støvsuginga.
Også skal det jo nevnas at den er fin å sjå til.
Den litle støvsugaren kan ein ta av, så detta er rett og slett 2 i 1.
Med eit fleksibelt munnstykke, er den veldig enkel å manøvrera.




Ikkje legg igjen kommentar på detta innlegget, men gå inn her for å bli med
post signature


søndag 22. april 2012

5 om dagen

Eg er nok ikkje så flink nei.
Detta glasseple var eigentleg eit litt spontant ynskje til bursdagen.
Og jammen hadde dei fantastiske jentene mine kjøpt til meg. Snille ♥
Det er kjøpt på Kull på Tvedt senteret.
Butikken er absolutt verdt eit besøk.




Endeleg fekk eg ei skikkelig fruktskål på benken.
Og frukta gjekk unna som aldri før, hjå både store og små.

Det triste er at Bonden allereie har klart å knusa den.
Eg har veldig lyst på ny, men er litt redd det skal skje igjen.
Eg orkar ikkje å oppleva det tapet igjen..
Neida, eg er ikkje materialistisk.


Sjølv om eg er veldig glad i gåver, er jo kort det besta med det.
Blir aldri lei av fine ord.
Veldig glad i dykk òg
♥

post signature

mandag 16. april 2012

Marius

For litt sidan bestilte eg Marius genser frå mamma, som er ein reser på strikking. I går var me himom fjorden, som me seie, og då var hu strikka, festa og dampa hu slik at eg fekk den med heim. SÅ god og SÅ fin - ja, både genseren og mamma <3





Fekk lekt litt modell i stova medan sola skein inn og bolledeigen sto til heving. Aah, det føltes godt å få inn litt Facebook skrøyt. Mangla berre litt trening. Det får bli ein anna dag. Neida. Joda. Manuelas nye(?) uttrykk ;-)




Medan eg er så godt i gong med posinga, må eg visa den nye buksa mi. Mardou & Dean kjøpt på Bohemia. Fantastisk å ha på seg. Rompebuksa kalla Bonden den. Det er visstnok buksa som ein prøver å visa mest mogleg rompa i. Jaja, det treng eg visst.




Ha ein fin fin kveld.

Location:Fv634,Fister,Norge

fredag 13. april 2012

Bolia

Eit ørlite innlegg frå iPhonen i dag. I går var eg i byen på møbelshopping med ein kunde. Me hadde det vanvittig morosamt og fekk til og med nyta ein veldig god lunsj innimellom møbelbutikkbesøka. Me kjøpte og plukka ut masse fine møbler. Håpar å kunna visa dykk sluttresultatet etterkvart.





Me var blandt anna innom Bolia. Og det var der eg tok detta bilete. Denna tapeten har nokre andre kunder plukka ut. Knall tøff.


God helg til deg som er innom. Me skal til hytta på Jelsa og slappa av og kosa oss. Eg synest det er herleg å koma seg vekk frå heimen litt, spesielt når ein har gard er det jo alltid noko ein burde ha gjort.

VELKOMMEN til alle mine nye følgere. Knall kjekt at dykk vil bli med meg :-)

søndag 8. april 2012

Fargefest på pikerommet

Har berre vist dykk litt frå rommet til Frida før.
Nå som NIB har ein utfordring som går ut på å visa fargar, 
blei eg inspirert til å visa dykk meir.
I hovedetasjen er det ikkje veldig mykje fargar.
Det går for det meste i kvitt, grått, tre og nå meir og meir svart.
Då senga til Frida skule få ny farge, var eg inne på tanken om
 lilla,rosa, grønn (sjølvsagt) eller kvit seng. Valget falt til slutt på svart.
Til stor overraskelse for mange.
Men sjå berre her kor tøft det blei. Kjempe fin kontrast til det rosa og søte.




Er ikkje svart ein kjempe fin kontrast til fargane vel?




Vogga hadde eg då eg va liten. Den blei mala gul i går.
Og det blei så tøft til sengetøyet som me kjøpte på Sprell i Oslo då me var på besøk hjå Faster og onkel Lars (eller faster Lars som Frida seie) før jul.




Eg synest det er fint å ha det fargerikt og lekent i loftetasjen der ungane held til og ha det litt rolegare med lite fargar i hovedetasjen. Likar så godt begge deler.
Eg er jo eigentleg ganske glad i sterke fargar.


post signature

onsdag 4. april 2012

God påske






Himalaga påskeegg frå En rød knapp.



HK Living skjærefjøl, sink korg er òg frå En rød knapp.
Og påskeliljer plukka av ungane rett frå mors hage ♥



post signature

mandag 2. april 2012

NIBs april utfordring - Colour addict

Ny månad - ny utfordring.

 


Nå er det vår og vår betyr fargar.
Iallfall er det om våren eg tar fram fargar i interiøret.
Sjølv om det ikkje er slik stova ser ut akkurat nå,
synest eg at biletet er så friskt og vårleg at eg likar det ganske godt for å sei det rett ut ;-)
Og nettopp defor er detta mitt bidrag til NIBs april utfordring som går ut på å visa fargar.

 
Kjekt at så mange er med på gje-borten min allereie.
Og er er så einig, premien er heilt super.

post signature