søndag 23. desember 2012

Luke 23: 4. søndag i advent

Tida går så fort.
Så alt for fort.
Det må væra noko nytt. Tida gjekk nemleg frykteleg treigt før.




Kvelden før kvelden. Alle 4 lysa er tent. Vinden har roa seg. Nå er me klar. 
Fekk til og med laga to sorter heilt på tampen. Ikkje baka, men laga ja. Risboller og mintkuler dyppa i sjokolade. Enkelt og godt. Er spent på å sjå ungane når dei ikkje finn kalenderpakke i korga i morgon, men ein pinne med hyssing rundt. Kanskje fører hyssingen dei til pakken? 
Hugsar mamma og pappa gjorde det ei julafta. Mens me var i dusjen, hadde dei rigga det klart. I enden av hyssingen vår låg det ei krepptang.
 Minner for livet som eg og vil ungane skal ha.


post signature

lørdag 22. desember 2012

Luke 22: Julefølelsen..

..er på plass.
Den kom faktisk når eg åpna reserve kjøleskapet som står nede. På kjøkken har me kjøleskuff. I kvardagen er det nok då det faktisk rommar enormt mykje. Men til jul og dåp har me savna litt plass. Sist gong me brukte det var forrige jul..
Når eg då åpna kjøleskapet som var fullt, kom julefølelsen.
 


 

 
 
Huset er vaska. Nesten alle sengeplasser oppredd.
Første 4 gjestene kjem lillejulafta, mens dei siste 6 kjem på julafta pga jobbing.
Både storesøster og lillesøster med familiane og mamma og pappa kjem.
 
 
 
 
 

 

 
 
Ny juletrefot i år.
Melkespann.
Miksar gull, sølv og kvitt i år.
Første året eg ikkje har pynta med rødt, anna enn dei kulene som ligg i glassylinderen.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Som eg jo så vidt nevnte for dykk, har ungane fått kvar sitt juletre på nattborde.
Kulene er frå Søstrene Grene. Mykje fint og fargerikt å velga i der.
 
 
 
 


På barneromma har eg brukt ei stjerne blomsterpotte, som òg er frå Søstrene Grene. Har fullt den opp med singel og plassert treet nedi for at det skal stå støtt.
Ungane synes det er så stas.
 
Det blei mykje juletre her. Men med 4 tre og eit tape-tre, var det liksom ikkje til å unngå ;-)
 



post signature
 
 


fredag 21. desember 2012

Luke 21: Pepperkakefjos


I år blei det ein ny variant av pepperkakehus.
Dette er ein modell av det fjoset me er i planleggingsfasen av. Kanskje blir det bygging, kanskje ikkje. Uansett blir det ein betre kvardag. Me ser fram til det.
 
 




Eg måtte korte det ned litt då det blei for langt ifht målestokk og steikeplater og vindauga og dører stemmer nok ikkje heilt. Men nokon lunde slik blir det iallefall sjåande ut.


Jonah stussa litt over at kyrne gjekk ute i snøen.....
På nyåret skal det bli avgjort.
 
post signature




torsdag 20. desember 2012

Luke 20: Årets julekort

I år som i fjor, og året før der og der igjen, er julekortet bestilt frå nFoto.
Alltid fornøyd med pris, kvalitet og kjapp leveranse derifrå.
Bildet er litt mattere enn vanleg bilete. Kjempe fint. 


Til deg som ikkje har fått:
 
Dette er til deg ♥☺
 






post signature
 
 
 


onsdag 19. desember 2012

Luke 19: Julestemning

 
Sakte men sikkert blir det litt jul.
Heile 5 forskjellige tre er i hus.
Ok, det eine er ikkje ekte, men dei 4 andre er.
 
 
 
Her ser du 3 av dei.
Eit alternativt juletre kanskje? Juletre av tape.
Tape opp litt pynt i tillegg så blir det jo nesten det same. Eller.. ;-)
Litt dekorativt og artig er det iallefall.


 

Ungane har fått kvar sitt minitre på nattborda sine.
Såg det hjå Amalie/Svenngården og falt pladask.
 


 
Bilde er nettopp tatt som du ser; du kan skimte Jonah som sover.
Fortsatt fin kveld og dager fram mot sjølvaste julafta.
 


post signature




 




tirsdag 18. desember 2012

Luke 18: Stjerne bretting

Stjernebretting er òg veldig poppis for tida. Panduro har fleire sett i ulike fargar og mønster. Dekorative på eit brett med lys, som bordpynt eller hengt på greiner og tre. 
Viss du har veldig lyst å bretta og ikkje har knekt koden ennå, kan du gå innom Trine med bloggen Høytrykk. Her forklarer hun steg for steg korleis.




Vil du prøve deg på meir bretting, finn du det her.

post signature

mandag 17. desember 2012

Luke 17: Make your own banner


Make your own banner er skikkelig populære og går som ein farsott på Instagram nå om dagen.
Det følger med mange bokstaver og du kan skriva akkurat det du vil og lage opptil fleire bannere.
Veldig dekorative, så eg kunne ikkje anna enn å hiva meg på trenden.
Fint til bursdagar og andre feiringar eller på barnerommet som Cathrine viser i dagens innlegg (skal kopieres..).




Eg har bestilt frå Papermash. Den blei sendt dagen etter og tok berre ei god veke.




Har òg høyrt rykter om at Sprell i Stavanger har rosa.


post signature

søndag 16. desember 2012

Luke 16: 3. søndag i advent

..og 8 dagar igjen til jul.
 
 
 
 
Det enkle er ofte det beste.
Kven har sagt at advent må væra lilla?!
 
 
Her i huset er det fortsatt meir mint enn lilla og rødt.
Rødt kjem nok etterkvart når treet får komma inn i varmen.
Fyttikatta for ein finale...
HEIA NORGE
 



post signature



 

lørdag 15. desember 2012

Luke 15: Frukt juletre


Det første juletreet er i hus, men det ser allereie ganske stusseleg ut.
Ein kjekk aktivitet for barna. Først pynting så eting.
Litt pyntehjelp frå mor måtte til ;-)





 
 
Lar bildeta tale for seg sjølv i dag.
 
 
 
Her ser du stammen.
 Eg har delt opp grillpinner, men det er nok betre å bruka desse små pinnane som me bruker til tapas f.eks.
Så er det berre å pynta i veg med det dykk vil ha.
Brukte kakeform i melon for å få stjerne i toppen.
Nå skal barnevakten hentes også er det tid for julebord.
 
HEIA NORGE!
 



post signature
 
 

fredag 14. desember 2012

Luke 14: Gåvetips til han




1. Brettspel
2. Toastjern til bål, Enkel butikken
3. Devold ullklær
4. Bergans Breheimen bukse
5. Electrolux EKAM300 kaffetrakter med kvern

Bondens ønskeliste pleier sjelden å væra så lang og innhaldsrik, men i år har han i grunnen komt på fleire gode ting. Ok, brettspill har eg tilføyd på lista, utan å spør om tillatelse. 
Toastjern til bål. Kjekt å variere grillmaten på skogen, sjølv om ungane sjølvsagt synes det er supert med grillpølse. Me har vaffeljern til bål og det er heilt genialt. Har berre vaffelrøra i ei flaske og tømmer røra på jerne. Enkelt.
Bonden har fått sansen for nykverna kaffe. Kaffetraktar har me jo, så kun kvern er eventuelt og aktuelt. Men då blir det nok eit utstyr på benken. Denne er frå Electrolux. Ein kan brue både malt og heile bønner.
Helg igjen gitt. I morgon er det julebord med Enkel på Spa Hotell Velvære
Gler meg.
Fin fredagskveld og god helg.

post signature

torsdag 13. desember 2012

Luke 13: Oppskrift på Lussekatter

Lei av harde og tørre lussekatter?
Då er du komt til rett plass.
Hoho.
Første gong eg laga Lussekatter i dag og ei må sei eg imponerte meg sjølv - og Bonden som er ein mester på gjærbakst.
 
Lussekatter 
 
150 g meierismør
5
dl heil mjølk
50  g gjær
1 g safran (evt. 1/2 ts gurkemeie)
150 g sukker
½ ts salt
2 ts kardemomme
13 dl kveitemjøl (ca)

Du treng òg 1 egg og 1 dl rosiner til pensling og pynt 
 
 
   






Smelt smøret. Tilsett mjølk. Smuldre gjæren i bakebolla og rør den ut i litt av den lunkne mjølkeblandinga. Bland i resten av væska.
Rør i sukker, salt, kardemomme, safran (evt. gurkemeie) og mjøl til deigen er passe fast. Nå vil den nok væra veldig klissete, men det er det som gjer at den blir luftig. Du skal ikkje elta den nå likavel. La deigen heva under plast på ein lun stad til den er dobbel størrelse (eg lot den heva i 2 timer).
 
 


Strø litt mjøl på bordet, elt deigen godt. Del deigen i biter og trill dei til lange fingertjukke pølser. Del i ca. 30 biter. Form ulike lussekatter, bare fantasien sett grenser.
Legg dei på steikebrettet og la dei heva lenge slik at dei blir luftige (1,5 time).
Pensles med egg og pynt med rosiner.
Oppskrifta mi er henta frå Tine, her kan du òg sjå eksempler på korleis du kan forme dei.
Det einaste eg har gjort annleis med oppskrifta deiras er å endra steiketida og temperatur til det Bonden pleier å bruka.
Eg mistenkte at dei ville bli tørre av den metoden, og kanskje er det slik dei skal væra, men me likar vel aller helst litt mjuke og saftige?!
Eg sett steikeomnen på varmluft 150 grader og steikte dei i 10 minutt.
 
 
 
 
Som dykk kan sjå, fekk eg mange gode tips av NIB jentene. Som det å vente til mørket har senka seg og skru på alt du har av lys... Eller, var det ikkje slik ;-)
Jaja, i dag måtte det ble sånn då eg har begitt meg ut på "julekalender-innlegg"
 
Svart senker natten seg i stall og stuer
Solen har gått sin vei, skyggene truer
Inn i vårt mørke hus stiger med tente lys
Sankta Lucia, Sankta Lucia
Natten er mørk og stum. Med ett det suser
I alle tyste rom som vinger bruser
Se på vår terskel står, hvitkledd med lys i hår
Sankta Lucia, Sankta Lucia
 
Kremt.. Var det berre eg som heilt til i dag(!) trudde det var "snart senker natten seg.."?!
 
post signature
 

Luke 12: Staseleg besøk

 
Den 12.12.12 var ikkje berre ein spesiell dato, men ein ganske spesiell dag for ei bondekona på Fister.
Eg hadde besøk av sjølvaste NIB jentene, Solveig og Ann Helen.
Eg har ikkje hatt annledning til å treffe dei tidlegare, og at det første treffet skulle bli heima hjå meg, hadde eg ikkje i min villaste fantasi tenkt skulle skje.
 
 
 
 
Etter saakte kjøring på snøfyllte veger innover Ryfylke, kom dei seg omsider fram.
Synest det var veldig kjekt at dei aldri sytte med å koma inn til deg, tross ferje, lang reis tur-retur og ikkje minst snø. Spreke jenter!
 
 
 
 
Dei knipsa i veg..
 
 
 
 
Fòr gjennom huset som ein vind - sjå berre på lysa som fekk smaka på det..
 
 
 
 
Knipsa litt til..
Titt tei - eg ville òg bli med.
 
 
NIB has left the building..
Så var festen over.
Akkurat då dei hadde pakka ned kamera, kom ei tjukk og mørk byge å mørkla huset. Flaks at den ikkje kom tidlegare. Eg sitt aleina igjen i skumringa med eit smil om munnen.
Men med dårleg samvittighet for at eg ikkje laga noko enkel mat som dykk kunne ta med dykk rundt mens dykk knipsa bileter. Det hadde liksom ikkje blitt det sama å gå rundt med suppa.
Takk Solveig og Ann Helen, for ein kjempe koseleg dag.
Håpar me treffes snart igjen ♥
(krysser fingrene for passande dato for Glansdag ☺)
 
Til våren kan du nok få sjå meir frå besøket.
Spanande!
 

post signature
 
 
 

tirsdag 11. desember 2012

Luke 11: Svibel = jul










Til nå har det ikkje vore så mykje jul i hus. Men nå kan eg altså sleppe jula laus.
 


Meir om det kjem.. ☺