lørdag 1. desember 2012

Luke 1: Årets pakkekalender


1.desember og jula er offisielt i gong. Eller har den kanskje vore det lenge allereie?
Høyrte rykter om marsipangris allereie i slutten av september(!!).
For min del blir dette mitt første juleinnlegg, om ein ser bort i frå Førjulskos på Moi.
Som du kanskje forstår av tittelen på innlegget, har eg planar om å ha 24 innlegg på rad.
Hjelpes, kva er det eg begir meg ut på..



 
 
Me startar med årets pakkekalender.
Enkel og grei.
Svarte pakker til Jonah.
Kvite pakkar til Frida.
"Tømmerpakkane" er til begge.
Det blir altså ikkje kvar sin pakke kvar dag.
Deling er viktig.
 
 
 
 
I løpet av natta har 1 eller 2 pakker havna på greina her.
Då finn ungane lett dagens pakke.
 
 
 
 
Pakkane ligg i ei TineK korg. Som eigentleg skal bli ein lampe ein vakker dag.
 
Tenk at me har snø og det kan faktisk sjå ut som den skal ligga ei stund og.
Me har hatt ein liten runde på ski i dag.
Fekk endeleg prøvd skia som eg kjøpte på slutten av sesongen i fjor.
Nå er det Julekongen på TV.
Fin lørdagskveld!
 
 post signature
 

2 kommentarer:

  1. Fin julekalender ! enig, deling er viktig :-)
    Jeg nyter også snøen, herlig ! ekte julestemning.
    Nyt resten av helgen !

    SvarSlett
  2. Likte så godt julekalenderen din,kjempefin:)deling må dei gjere her og,synest det er viktig eg for å lage 72 pakker synest eg blir litt i vel overkant:)
    Her og er det snø og det er så koselig å kikke ut vinduet,håper den ligger lenge så kjekkt for ungene og:)

    Ein fine dag til deg:)
    Klem

    SvarSlett