onsdag 29. februar 2012

Boligstyling - Stokka


Her kjem omsider bileter frå leiligheita eg styla for nokre veker sidan.
Visning i går. Spent på om det gir resultater.




Boligstyling kan væra litt utfordrande. Og utfordringar tar me sjølvsagt, men det krever litt. Merkar eg jobbar betre og raskare nå enn kva eg gjorde i starten. Då såg eg føre meg den drøymeleiligheita. Ettersom det er begrensa kva møbler og nips ein får tak i på kort tid, må ein berre gjera det beste utav det.




Eg er veldig heldig og takknemleg for at eg får låna møbler på
Møbelringen Jørpeland og nips frå En rød knapp.
Det er faktisk ingen sjølvfølge.




Ettersom eigaren av leiligheita eig eit kunstgalleri i Stavanger, ynskte han å stå for det.
Så den kan eg ikkje ta æra for.
Det måtte eg ta hensyn til og derfor valgte eg møbler og nips i rolige fargar.


Bileta er lånt frå annonsa på Finn.


Jærstolane er frå Aksel Hansson.
Eg er veldig glad i bruke lokale produkt og råvarer både innanfor interiør og mat ;-)
Hjelmeland er kjent for nettopp denne stolen.
Akkurat denne varianten er produsert kun for Møbelringen.
Heile annonsa kan du sjå her.

post signature



fredag 17. februar 2012

"Hjemme hos Hilde"

Dette har nokre av dykk fått med seg allereie, men sikkert ikkje alle.
Og då må eg jo skrøyta litt slik at alle får det med seg ;-)
Ja, for eg er jo litt kry over min aller første "Hjemme hos"-reportasje.




Reportasjen kan du sjå her.





Denne veka har eg gjort ferdig eit boligstyling oppdrag i Stavanger.
Spent på å sjå om det gir resultater.
Vil dykk sjå korleis det blei?

I går fekk me ny seng i hus.
Åå, så godt det var å sove i ny og god seng.
Kanskje det er kuren for lakenskrekken min?!

God helg ♥


post signature

onsdag 8. februar 2012

NIBs februar utfordring - vårlig vegg

Denne månaden vil NIB jentene at me skal visa vår smartpanel pynta på vårleg vis.
Ku i det fri er eit sikkert vårteikn. Kanskje meir sein vår/tidleg sommar.



Ranunkler, rosa og pumps - det hintar òg om vår synest eg.
Biletet såg så mykje klarare ut på photoshop. Typisk.
Ser verkeleg fram til lysare ettermiddagar som gjer
 det mykje lettare å ta fine bileter.




Her er òg brukt smartpanel, både i tak og på vegg.
I staden for rosa ranunkler i vase, er dei her på vegg ;-)

På lørdag arrangerte me Rune Bjerga-show på samfunnshuset.
Etter å ha sett på Rogalandsnytt før jul atøkonomi skranta, 
meldte han seg frivilleg til å stilla opp gratis
for å bli med å redda samfunnshuset.
For ein mann.
Sjeldan eg ler høgt av humor på scene eller tv,
men Rune er berre morsom god.


post signature

søndag 5. februar 2012

Lille knapp på veggen der..


Desse kjekke knappe-knaggane er frå HK Living.
Eg kjøpte dei på En rød knapp og fekk dei opp på veggen rett før jul.





Gamle skøyter heng til utstilling.





Det ligg visst ein igjen som ikkje har fått plass enda.
Kanskje såg du at NIB skreiv om desse knappane
frå HK Living sin stand på interiørmessa førre helg?




Du hugsar vel Gromkua?!
Den ynskjer velkommen rett innafor inngangsdøra.
Og Bonden er nøgd.
Sauepelsen fekk me til jul og er frå "nabogarden" rett oppi fjellet her.
Gjessfjellpels.


post signature

fredag 3. februar 2012

Fotokurs-lekse

I januar var eg på fotokurs på Bryne.
Hildemor inviterte og me hadde 2 lærerike og koselege kveldar
 i lag med fotograf Ingeborg Skrudland.
Dyktig fotograf og veldig flink å lære frå seg.
Rett og slett eit sprudlande vesen.
Etter første kveld fekk me lekser med oss heim.
3 oppgaver - den eine får du sjå her.
Dette tenkte eg eigentleg var den mest krevande oppgåva,
men det viste seg å var ganske enkel og fort gjort.
Oppgåva gjekk ut på å gjennskapa eit bilete.
Eg valgte dette som er bilete av Bondens mormor.


 


Blondekjolen heng til dagleg på den gamle i stigen i stova. 
Skoa har hu nettopp arva av storebrors bestevenninne.
Fortsatt litt store, men veeldig stas å gå rundt med.
Stolen, som jo ikkje er heilt lik, står ved spisebordet.
Sløyfa var eit bånd eg fann i garderoben.
Så var det berre(!) å plassere Trollet på stolen foran den grå
veggen å håpa og be om at hu skulle stå stille eit lite øyeblikk.
Og jammen gjekk det jo rett og slett fint,
men det hjalp nok med farmor i bakgrunnen




 Nå er det helg igjen - nyt den!

post signature