tirsdag 10. juli 2012

NIBs juliutfordring - Friminutt

Kva gir deg eit etterlengta friminutt?
Det kan jo væra så mangt; ein kvil, jentekveld(eller endå betre; jentetur), ein dag utan planar..
NIB jentene vil sjå kva som er friminutt for meg.
Kva andre legg i friminutt kan du sjå her.


 
Nokre timar på stranda med ein drink, strawberry daiquiry.
Det blei ein driver, ettersom det tross alt var dagtid ;-)
Kanskje ikkje alle ser på dette som friminutt då det er innpåslitne kyr
 som òg er ute etter å kjøla seg ned på stranda..
Dei var litt forvetne i starten, men nå dei fann ut at det var lite å henta vandra dei vidare.
Men rolege og heilt ufarlege er dei.

 

 
Strawberry daiquiry drinkmixen fann eg på Spar Hjelmeland.
Den bør prøvas. Skikkelig god med knust is. Oppskrift på både driver og "vanleg" står bakpå.




Eit lite friminutt i hagen er heller ikkje å forakta. Happy Lights Snowballs frå Nord Design.
Nord Design finn du òg på facebook.



 
Det siste her måtte eg berre ha med då det var litt artig.
Mamma Mø treng kanskje òg eit friminutt.
I-siste-liten-Hilde glimtar til og hiv seg med i utfordringa maaange timar før fristen er gått ut.
post signature