lørdag 31. mars 2012

Earth hour

Tok eit bilete i løpet av Earth hour som nå er over. Huset var nesten mørklagt. Det er då betre enn ingenting vel?!
Nå testar eg ut blogging frå iPhonen med blogpress. Har du prøvd det?




Det er fantastisk med fint vær. Me har brukt dagen til å rydda rundt på garden. Det føles godt å ha kome så langt med rydding og hagearbeid allereie i mars. Og på mandag byrjar svigerfar å grave grøfter og i skråningen på nedsida av huset. Skal bli godt å få orden der.

Hilde

fredag 30. mars 2012

Vinn ein ergorapido


Om berre litt rundar eg 200 følgerar, og det er jo ein anledning til å feira.
Og det er du som får premien.
Ikkje berre ein, men 2 heldige vinnera skal trekkast.
Electrolux er med å sponsar premien.



Denna geniale og praktiske, batteridrevne støvsugaren kan du ha ståande framme for dagleg finpussing eller flekkvis reingjering – eit perfekt supplement til den regelmessige støvsuginga.
Også skal det jo nevnas at den er fin å sjå til.
Den litle støvsugaren kan ein ta av, så detta er rett og slett 2 i 1.
Med eit fleksibelt munnstykke, er den veldig enkel å manøvrere.




Dette på du gjera for å sikra deg lodd:
1. Kommenter detta innlegget.
2. Legg deg til som følgar (er du følgar får du sjølvsagt lodd)
3. Link til detta innlegget på din blogg eller del på facebook.
Totalt kan du få 3 lodd. Du treng ikkje ha blogg for å bli med.
Husk berre å legg igjen mail adressa di, slik at eg hkan finna deg att.
Er du med?
Trekning vil skje 1.mai.
Lukka til ☺


post signature

torsdag 29. mars 2012

Fabelaktig drømmeaften

Prøver igjen..
Kor kjipt når ein har lagt ner mykje tid på eit innlegg
 og når det blir publisert er alt innhald plutselig vekke.


For 2 veker sidan var eg på tidenes største rogabloggtreff.
Sjølvaste Maia var òg med oss. Hu hadde med seg ein hau med gåver frå Eva Solo.
Tonje åpna heimen sin for 28 andre spendte og herlege jenter. Takk Tonje - du er fantastisk.
For ein kveld me hadde.








Etter to timar med skravling og god mat, tok me turen til Den Franske Landstil på Madla.
Tone og landstiljentene tok i mot oss og hadde virkelig stellt i stand for oss.
Det starta med champagne og moteframvisning.








Til slutt var det trekning av ei korg full av gåver frå Landstil.
Den var det Prinsesse Elin som stakk av med.
Grattis!




Dette er den største og tyngste goodiebagen eg har sett. Nå skal det nevnas at eg ikkje har sett veldig mange goodiebager, sånn utanom på andre bloggar ;-) 




Så var me tilbake hjå Tonje. Silje pakkar opp goodiebagen frå Landstil, men me andre står spendte og begeistra å følgjer med.




Til slutt var det trekning av gåver frå forskjellige sponsorer.
May Helen var den heldige vinnar av kaffemaskin og eg var den heldige som satt rett ved og fekk knipsa nokre blinkskudd av hoppande glede.
Du er så kul, May Helen. Digge deg ☺


Sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut, gjer me andre ting enn å få gåver og eta.
Det er så kjekt å treffa likesinna interiørfrelste jenter.
Me ler og koser oss masse og har det skikkelig kjekt i lag.
Takk for ein super kveld, jenter. Gler meg allereie til neste gong ♥

post signature

lørdag 17. mars 2012

Det er min dag i dag..

..herregud for en hæærlig da-a!


Ja, detta er min dag. 28 år. Stor jenta.
Bursdag er stas.
Blir jo heilt overvelda over all oppmerksomheten. Særlig på facebook.
Jada, det er jo lett å "hugsa" og enkelt å gratulera ved hjelp av facebook.
 Men alikavel - at så mange tar seg tid til å legga igjen ei helsing til meg.
Det er stas og eg er veldig takknemleg for kvar og ein.

Dagen starta med kranglande barn i senga. Morgonidyll på sitt besta.
Svigers kom innom med gåver før frokost å reiste så avgårde til Gran Canaria.
Eg har fått roser av Bonden og barna og rosa verktøy, knall kul grønn klokke og penger av svigers.
Fekk iPad til jul og kjøpte meg iPhone i går, så det får væra bursdagspresang.
Kvelden blir avslutta med fine jenter og ein liten bytur. Mange år sidaen eg feira på den måten.
Veldig nøgd bursdagsjenta ;-)


 
Med detta bilete heng eg meg på den grønne utfordringa til Manuela.
Her i huset er det ein heil del grønt. Skor, jakkar, klokker, iPod, iPhone, skap, barnarom.
Ja, eg kunne fortsatt å ramst opp.
Alikavel er det ikkje det grønnaste bilete eg bidrar med.

God helg og nyt bursdagen min ☺
Hurra!
post signature

torsdag 15. mars 2012

Endeleg..

..er dagen her.

En rød knapp er med å sponsar gåve til uttloddinga.
Tuusen takk!


Stort bloggtreff i Sandnes.
Kartet er skrevet ut.
Kaka er baka og snacksen nesten ferdig.
Frua sjølv har fresha seg opp.
Først litt ærend i byen.
Såå.. brakar det laust.

Gler meg!

post signature

onsdag 14. mars 2012

Kjøkken på Tjelta

Bondens bror og kone pussa opp kjøkken i sommar.
Bygde på ein kvist og reiv ein vegg.
Voilà - nytt fint og stort kjøkken.
Her får du ein ørliten omvisning.




For eit godt år sidan kunne ikkje denne dama hekle.
Det gjekk ikkje langa tida, så var hu ein reser.
Puter, korger, grytelappar og lyslykter i alle slags størrelser.
Og som du ser på bilete under her; lampar.
Foreløpig berre ein ferdig, men den andre er nok under produksjon.
Trur nok hu, på den korte tida,
har hekla meir enn kva eg har gjort i løpet av mitt lange hekleliv.



Mi kjære svigerinne var litt skeptisk til å la meg få lov til å vise dykk kjøkkenet.
Hu synest det var litt pinleg at hu hadde herma etter blogger rundt forbi.
Hallo?!
Er det ikkje det me alle gjere ein heil del av?
Eg kjem iallefall ikkje på alt sjølv.



Kjøkkenet er virkelig blitt stort og flott.
Svigerinna mi er flink med interiør og har sans for detaljer.
Ja, altså - hu er god på mange måter.
  ♥



Måtte ta med eit bilete som viser desse to herlege jentene i leik.
Anna Berthine som er 2 år den dagen spring bak Frida.
Det er 5 veker mellom desse søskenbarna.
Kan tru dei skal få mykje kjekt i lag.
Farfar som ligg rundt hjørna og "skremme".
post signature

mandag 12. mars 2012

Fine ting - til meg?

Om berre nokre få dagar er det min dag. 28 år.

Har du eit sterkt behov for å kjøpa gåve til meg
skal eg væra snill å dela ønskelista mi med deg ☺


1. Sweety lampeskjerm frå Hviit 2.Ramme med tekst frå Bolina 3.Bolt barstol frå Living 4.Seletti melkemugge frå Bolina
5. Korktavle frå Bolina 6.Tine K lykt 7. Tine K krus 8. Tine K telyslykt 9. House Doctor korg 10. Tine K vegglykt
Urtepotte fra Eva Solo og glasseplebolle fra Kull står òg på lista. Ellers blir eg gla for alt.
Sånn - då skal det jobben væra enkel for deg ;-)

Ganske tydeleg at eg ynskjer å tilføre meir svart i interiøret.
Inntil for nokre månadar sidan eksisterte det så å sei ingenting svart her.
Og nå er det plutseleg det som gjeld.
Trendar og behov endrar seg fort gitt.. 
Ha ein fin fin dag!


post signature

søndag 11. mars 2012

Fabelaktig bloggtreff


På torsdag skal desse fabelaktige frøknene ha fabelaktig bloggtreff.
Den mest fabelaktige av alle, er sjølvaste Fabelaktige Maia som kjem heilt frå austlandet for å væra med oss (plutseleg er ikkje mi reis så lang likevel..)
Det blir kjekt å treffe deg.


Maia | Fabelaktig
Linnea | TreToEn
Hilde | Hildemor
Mette | Fru R.
Annfrid | Min Glede
Lisette | Lisettes perler
May Helen | KROnPRINSESSENE
Kristina | top of the moon
Heidi | takhøyde
Tone | Vakre dager
Guro | macMatre
Silje | Siljes blogg
Liv Astrid | Snuskebassa
Anne Marie | Hogstadvika
Anne Bente | mrs Bell
Mari Ann | the Folding Chair
Linda | Den gode feen
Tonje (meg) | dagdrømmeren


Mange har bidratt med å skaffe ein hau med sponsorer.
Eg har med meg ein gåve En rød knapp. Tusen takk!
Gler meg som ein unge til å åpne goodie-bagen. (Det er vel lov?!)
Men mest av alt, gler eg meg til å treffe ein gjeng med fine frøkner igjen.



 Først møter me opp hjå Tonje kl 18, eter tapas (som alle bidrar med) og starter kvelden. Kl 20 vender me snuten mot Madla, kor det blir kundekveld med full oppvartning hjå Fransk Landstil ein times tid. Så returnerer me til Tonje igjen og eter dessert, lodder ut premier og koser oss i lag til me er klare for å avslutta. Og ettersom eg er elendig til nettopp det og haater å gå før andre, har eg ordna meg overnatting hjå bestaste storesøster.
Som eg gler meg!


post signature

fredag 9. mars 2012

Advarsel! Farleg god sjokoladekake..

Kom over ei oppskrift på sjokoladekake hjå Ida Susanne her om dagen.
Sjokolademums som eg er, måtte den prøvas snarast.
Styremøte på Samfunnshuset var ein gylden anledning.
Og kaka fallt i smak, både hjå meg og dei andre.
Leiaren likte den såpass godt at han hadde ein
 eigen status på facebook til æra for den. Er ikkje det litt stas då?
Jo, iallefall for meg som ofte tyr til 1-2-3 kake er det det. 
I tillegg lova han å bada i sjøen innen 24 timar om eg laga ei til han.
Reknar med utfordringa fortsatt står ved lag..
Og ikkje nok med det.
Nå vil han ha ein "sjokoladekakebakesmakekonkurranse"
 på Samfunnshuset.
Det hadde vore stas å blitt med på.
Som dommar sjølvsagt ☺


Du treng:
Mørk røra
125g smør
100g kokesjokolade
200g sukker
3 egg
40 g kveitemjøl
2ss kakao
0,5 ts bakepulver
Lys røra
200g naturell kremost
1 dl melis
100 g kvit sjokolade
Smelt smør, kokesjokolade og sukker.
Avkjøl litt før du rører inn eitt og eitt egg.
Sikt inn det tørre og hell røra i ei lita rundt form (ca 24cm).
Smelt den kvite sjokoladen, tilsett kremost og melis og visp saman.
Legg toppar av ostekremen rundt om i sjokoladeblandinga.
Trekk ei skjei gjennom ostekremen slik at den
 marmoreres i sjokoladerøra.
Steikes nederst i omnen på 180 grader i ca 35 minutt.
Den er like god dagen etter, i tillegg til at den er lettere å skjære i.
Kan væra godt med is og friske bær til då den er mektig - men god!
Nyt!
Og du som skal på Fabelaktig treff neste veke kan gleda deg til å smaka.
(Det var ein uvanleg sjølvsikker setning frå denne kanten.
Vekk med Janteloven..)

post signature