onsdag 9. februar 2011

Dagens avis..

Slik ser baksida frå dagens Strandbuen ut.




Kreativ trivsel

Hilde Hauge (26) frå Hetlandsbygda likar å ha noko å gjera, slik at ho alltid får vera kreativ. Nyleg starta Hauge som interiørkonsulent, slik at ho kan bruka kreativiteten sin til å skapa trivsel i bustader og arbeidsplassar.

Ved sida av ei 60 prosent stilling i Enkel-butikken på Hjelmeland, har Hauge satsa på å bruka meir tid på jobben som interiørkonsulent. Det er mest ingen grenser for kva konsulenttenester ho kan hjelpa verksemder og privatpersonar med.
– Eg kan gjera ganske mykje forskjellig, alt frå måling og oppussing av møblar, til val av fargar og møblar, rådgjeving og innkjøp av nytt kjøkken. Det blir stort sett opp til kundane kor mykje eg skal gjera for dei, seier Hauge til Strandbuen.
I 2005 var Hauge ferdig utdanna som interiørkonsulent, då med eit års utdanning innanfor interiør i bustader og eit år med interiør i offentlege bygg. I mellomtida har ho også arbeidd med kjøkkeninteriør i ein kjøkkenbutikk i Stavanger, men ho har heile tida hatt planar om å starta for seg sjølv.
– No har eg endeleg våga å satsa, og eg har funne ut at det er ein kjempekjekk jobb. Når eg er ferdig med å kjøpa møblar til mitt eige hus, kan det vera kjekt å avveksla med å kjøpa møblar for andre.
Ved sida av faglege råd og innkjøp av møblar, har Hauge også tenkt å starta småskalaproduksjon av vegghyller, pyntestigar, krakkar og tallerkenhyller som ho sjølv har designa.
Hauge trur at mange er redde for å bruka interiørkonsulentar, men forsikrar om at kundane uansett har det siste ordet.
– Me er no inne i ei tid der fleire og fleire bruker interiørkonsulentar, og stadig fleire blir utdanna interiørkonsulentar. Diverre har nok mange ei oppfatning av at me berre pløyer gjennom og vil skifta ut alt, men ein treng ikkje nødvendigvis byta ut alt for å få noko nytt. Me ynskjer å hjelpa til dersom kundane er usikre eller slit med å sjå heilskapen i interiørvalet.
Marknaden for interiørkonsulentar er relativt liten, så Hauge er godt nøgd med at ho allereie har hatt nokre større prosjekt i Hjelmeland, på Halsnøy og i Stavanger. Førebels har det berre vore privatkundar, men ho ynskjer også å kunna arbeida for bedrifter.
– Ein treng ikkje vera redd for å ta kontakt med meg. Ingen oppdrag er for små og ingen er for store.

Dette er eigentlig berre prøve utkastet, så ordrett er det difor ikkje.
Det blei i tillegg skrive litt om bloggen
 og rabattavtalen min med kjøkkenleverandør Strai Norform.

Eg er i grunn ganske fornøyd sjølv!

post signature

3 kommentarer:

  1. Et veldig fint fjes bak på avisa i dag ja :)
    Lykke til med virksomheten, høres spennende ut! Snakkes på lørdag :=)

    SvarSlett
  2. Så stilig...
    GRATULERER og lykke til!
    Spennende tid for deg.
    Klem

    SvarSlett