torsdag 20. oktober 2011

"Et barn er et lite menneske"

Øyeblikk er ein ganske ny blogg som har fotokonkurranse med nytt tema kvar månad.
Denne månaden er temaet "Et barn er et lite menneske", og det kan ein tolke slik ein vil.






Bilete mitt tok eg i fjor haust. Ungane sto ved reila (eller dissa eller huske om du vil). Synest detta bilete er så koseleg. Blikket mellom dei seier så mykje og det ser ut som dei er verdas beste vener (hadde det berre alltid vore slik). Frida som berre er 9-10 mnd her kan ikkje stå sjølv og flinke storebror Jonah hjelper lillesøstra si slik at hu held balansen. 3 sekund seinare ligg Frida flat på plenen og Jonah har andre planar og er allereie på vei vekk. Så dette er verkeleg eitt øyeblikks bilete!

Bilete blei brukt på fjorårets julakort.




Her kan du sjå mange fine bidrag i denna konkurransen og finne gode tips for å bli ein betre fotograf.

Nå har det jammen vore nokre travle dagar. Forrige helg feira me mamma og pappas 50 årsdagar som er nå i september og november. Det var søstrene mine og eg som arrangerte. Me hadde god mat, tale og sang som me framførte på scenen med mennene våre som musikantar med triangel og maracas. Ein veldig kjekk og festleg kveld i lag med gode gjester. Det blei nesten tidleg morgon før me var i seng, ingen overraskelse..
Denne veka har me vore ein snartur til Stockholm. Ikkje på shopping nei, men for å sjå på fjos og melkerobot. Hamra Gård - wow for eitt flott fjos. Med kvister og spir og sprosser på vindu, var det mykje finare enn huset vårt.

post signature


4 kommentarer:

  1. For et vidunderlig øyeblikk!! Disse må være glade i hverandre:) Tusen takk for ditt fine bidrag. Hilsen fra Øyeblikkjentene.

    SvarSlett
  2. Dette var eit fantastisk skjønt bilete. Lykke til i konkuransen, trur du kan nå langt med dette her :)

    SvarSlett
  3. Nydelig bilde ღ og herlig øyeblikk...
    Jeg deltar også i denne konkurransen,
    og måtte inn å titte på ditt bidrag.
    Ønsker deg en flott helg, klem fra Mette

    SvarSlett
  4. For eit utrulig skjønt bilde - det er virkelig i ordets rette forstand eit øyeblikks bilde, ja :)

    Tenk så kjekt å ta fram det når det er blitt tenåringar...

    Klem Eli

    SvarSlett