søndag 6. januar 2013

5 år



Tenk det - Eg er mor til ein gutt på 5 år.
Lille gutten min er 5 år i dag.
5 år og eigentleg ikkje så liten lenger.
Det var nesten som han var blitt litt større over natta.
Ikkje av vekst, men rett og slett var han litt ekstra omsorgsfull og lur i dag.
Han er stort sett det, men det er ikkje alltid like lett å holde hovudet kaldt når ein har ei lillesøster som er ute på pøbel og hekkan. Og det er ikkje sjeldan.
Men i dag var det akkurat som han tenkte seg om og gjor akkurat som eg ville sagt at han skulle gjer.
Lillesøster kjem eglande som hu svært ofte gjer,
"Næ næ næ næ næææ. Eg ha-ar t-skjortå dii Jonah."
Og Storebror svara så lurt,
"Ja, det kan du.".
Og Frida tidde stilt..
 

 
 
Dagen feira me i skogen der me grilla pølser og toastskjever blåste opp ballongar og sang bursdagssang.
Me avslutta heima med kake. Fotballbanekake.
På tirsdag er det igjen duka for fest.
Fotballfest med barnehageungar.
 
Det er allereie 5 år sidan me tok legebåten til byen på enormt stor sjø og etter få timar med fødsel hadde den nydeligaste gutten (sånn reint perspektivt sett sjølvsagt) ein kan tenkja seg på magen.
I dag har eg klemt ekstra mykje på han. Tatt han opp på fanget og fortalt han om når han var liten og om den dagen han kom til. Ja, sjølvsagt berre akkurat det ein forteller til ein 5 åring(!).
Om kor glad eg er i han og forteller han om kjekke ting me skal gjer dei nærmaste dagane og vekene. Berre han og eg. Alt for sjeldan er det nettopp berre han og eg. Og når det då er det, har me det så kjekt. Ingen krangling og kjefting. Berre ein sprudlande gutt som fryder seg.
Ok. Nok pjatt frå ei rørt mor.
 
Gratulera med dagen supergutten.
Me er så uendeleg glad i deg.
 
 
Sender og ei helsing til Sigrund, Eskil og Northug.
Jonah synest det er stor stas å dela dagen med dykk ☺
 
post signature
 

7 kommentarer:

  1. Gratulerer med sønnen!
    Tiden går så altfor fort når de er barn! Nyt tiden! :-)

    En flott ny uke til deg!
    Mvh Hilde.

    SvarSlett
  2. Gratulerer!!! ♥

    Ha en fin uke,
    Vicky

    SvarSlett
  3. Hipp hurra!!

    Ha ei nydelig uke, med jubilanten!

    SvarSlett
  4. Hurra for femåringen!

    mange tanker idag kan jeg tenke:)
    håper tirsdagsfesten også går fint, feiringen idag hørtes veldig koselig ut!

    klem ellemell

    SvarSlett
  5. Gratulere så masse med den flotte 5 åringen din,ein flott gutt:)eg har ei som blir 5 i mai og synest ho begynner å bli så stor,ein fine alder:)

    Ei fin ny veke til deg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  6. Mange fine og rørande ord. Glede oss til selskap på lørdag!

    SvarSlett
  7. Så stilig bursdagsselskap! Gleder meg til å følge deg videre! :) Henriette

    SvarSlett