søndag 30. januar 2011

Ja til nynorsk!

Etter ein heil del spørsmål om kor nynorsken blei av fra sambygdinger,
 gir eg nå etter og legg om til nynorsk.
Om du nå tenkjer at eg ikkje har bein i nasen og står på mitt,
 så gjer eg det og av og til.
Men det er nå faktisk sånn at eg bur i ein nynorsk kommune
 og det altså er det som er mest meg.
Eg har alltid vore opptatt av å halda på dialekta,
og meldingar og diverse skriv eg på nynorsk.
Eller aller helst på dialekt - sjølv om det kanskje ikkje blir heilt rett
 ettersom det er lett blanding og litt oppdikta variantar av ord.




Litt rart er det at eg har hatt nynorsk som hovudmål heilt frå starten
 og bokmål som sidemål fra u.skulen,
 og likevel syns det er lettast å skrive på bokmål.
Eller rart er det kanskje ikkje,
det meste me les, står på bokmål. Internett, bøker, tv osv.
Nå er det jo ulike måtar å skriva nynorsk på.
 Eg brukar den som er mest "moderne" vil eg sei.

Ein fordel for mine små, som ein gong skal ble store og byrja på skulen
 og då må bruka nynorsk, er jo at eg sjølv er trygg på språket.

MEN eg har altså lagt bokmål-nynorsk til i favoritter
 og må slå opp omtrent anna kvart ord.. Det blir vel ein vane etter kvart,
 og vær vennleg og ikkje arrester meg for feila mine.
Takk ☺

Og veit du forresten kva bloggnavnet mitt betyr?
Det er typiske dialekt ord som blei brukte før.
Dei fann eg i bøker som naboen min har skreve:
"Du VA då go!" og "Eg seie meg så"
som inneheld ord og uttrykk frå Hjelmeland og Ryfylke.
Eg hugsar faktisk godt at bestefar sa feien.


Søndagskos med fyr i ovnen og blide ungar ♥
Eg fallt for Feien og Fjong.
Kan du gjetta kva det betyr?



Ein fin og glad Jonah-gutt!
"TA BILDE AV MEG OG, MOR!!"
post signature

2 kommentarer:

  1. Hurra for nynorsk!
    Jeg bruker det ikke selv, men som norsklærer i ungdomsskolen jobber jeg mye med det.

    Feien og fjong brukes i Trøndelag også, gjerne om pene damer. Eller litt "finere" damer fra den riktige siden av Trondheim. De som sier "jeg" og ikke "æ".

    Vet ikke om det er riktig, men uttrykket brukes litt i dag også. Kanskje ikke så mye blant ungdommen, men blant den eldre garde.

    SvarSlett
  2. Hei Hilde, lenge leve nynorsken.
    Feien meiner eg betyr på stordamål: ein er ekstra glad for noko. "Eg er så feien for eg har kjøpt meg nye sko" :)
    eller fjong som betyr fin ...seier ein
    "fjonga seg" betyr det å pynta seg :)

    SvarSlett