mandag 20. juni 2011

På jakt etter oransje..



Ida Susanne ber oss om å visa våre oransje detaljer.
Oransje? Her?
Håplaust - tenkte eg. Eg har jo ikkje oransje i hus.
Hadde det vore for nokre år sidan, hadde eg hatt både hus,
 soverom og loftstove eg kunne vist i ulike nyansar. 
Men det har eg måla over i litt meir delikate fargar...
Unnskyld svigermor  - veit du meinar det same nå ☺
Problemet med å ta over huset etter svigers,
er at det ikkje er heilt det sama å visa
 fram før etter bilete og klaga og syta over korleis
det såg ut før og kor fint det blei etter.
Iallefall ikkje når svigermor er bloggens flittigaste besøkar.... ;)
Men altså, med litt grubling kom eg fram til eit par ting med denna fargen.
Det meste fann eg i hobbykorga.


Eitt einaste stusseleg garnnøsta.
Berre eitt.



Saft og knust is i eit stort glas på ein varm sommardag.
mMmm..



Men så tok eg med meg kamera ut ein tur. Der fann eg mykje oransje ting.
Eg seier ikkje at alt er lika fint eller dekorativt, men oransje er det iallefall.
Og alt fann eg akkurat slik du ser det på bilete.


Fotball og sag i tre, fiskakrok på rekkverket - ja, det er heilt normalt her.

Det raude bygget øverst og til venstre her,
er hønshuset som sto ferdig i august 2008 - året alt skjedde:
Januar - oppussing og baby og oppussing
Februar - flytting og oppussing
Mars - oppussing før dåp og start av hønshus bygging
Mai - bryllup ♥
August - hønsa på plass

Eit travelt, innhaldsrikt og fint år!
post signature

4 kommentarer:

  1. heisann! ser om eg får t og lagga igjen kommentar her! fekk ikkje lagt igjen på "give awayen" din! men har lyst på to lodd sjå deg! hilsen fru nordpoll

    SvarSlett
  2. he,he,he...godt og sjå at dåkke har "normale" tilstander sjå dåkke og foresten!!!=)
    nå fekk eg t og legga meg t i "give awayen" din,nå når eg går unna anonym!(kanskje d besta for alle;)
    fru nordpoll

    SvarSlett
  3. Oransje er en vanskelig farge. Tittet litt rundt meg her, men fant ingenting. Hmm... Noe må det vel være? *titter*

    Klem Mona C

    SvarSlett
  4. Så deilig at du tok med kamera ut og glimtet. Herlige bilder! :)

    SvarSlett