torsdag 13. desember 2012

Luke 13: Oppskrift på Lussekatter

Lei av harde og tørre lussekatter?
Då er du komt til rett plass.
Hoho.
Første gong eg laga Lussekatter i dag og ei må sei eg imponerte meg sjølv - og Bonden som er ein mester på gjærbakst.
 
Lussekatter 
 
150 g meierismør
5
dl heil mjølk
50  g gjær
1 g safran (evt. 1/2 ts gurkemeie)
150 g sukker
½ ts salt
2 ts kardemomme
13 dl kveitemjøl (ca)

Du treng òg 1 egg og 1 dl rosiner til pensling og pynt 
 
 
   






Smelt smøret. Tilsett mjølk. Smuldre gjæren i bakebolla og rør den ut i litt av den lunkne mjølkeblandinga. Bland i resten av væska.
Rør i sukker, salt, kardemomme, safran (evt. gurkemeie) og mjøl til deigen er passe fast. Nå vil den nok væra veldig klissete, men det er det som gjer at den blir luftig. Du skal ikkje elta den nå likavel. La deigen heva under plast på ein lun stad til den er dobbel størrelse (eg lot den heva i 2 timer).
 
 


Strø litt mjøl på bordet, elt deigen godt. Del deigen i biter og trill dei til lange fingertjukke pølser. Del i ca. 30 biter. Form ulike lussekatter, bare fantasien sett grenser.
Legg dei på steikebrettet og la dei heva lenge slik at dei blir luftige (1,5 time).
Pensles med egg og pynt med rosiner.
Oppskrifta mi er henta frå Tine, her kan du òg sjå eksempler på korleis du kan forme dei.
Det einaste eg har gjort annleis med oppskrifta deiras er å endra steiketida og temperatur til det Bonden pleier å bruka.
Eg mistenkte at dei ville bli tørre av den metoden, og kanskje er det slik dei skal væra, men me likar vel aller helst litt mjuke og saftige?!
Eg sett steikeomnen på varmluft 150 grader og steikte dei i 10 minutt.
 
 
 
 
Som dykk kan sjå, fekk eg mange gode tips av NIB jentene. Som det å vente til mørket har senka seg og skru på alt du har av lys... Eller, var det ikkje slik ;-)
Jaja, i dag måtte det ble sånn då eg har begitt meg ut på "julekalender-innlegg"
 
Svart senker natten seg i stall og stuer
Solen har gått sin vei, skyggene truer
Inn i vårt mørke hus stiger med tente lys
Sankta Lucia, Sankta Lucia
Natten er mørk og stum. Med ett det suser
I alle tyste rom som vinger bruser
Se på vår terskel står, hvitkledd med lys i hår
Sankta Lucia, Sankta Lucia
 
Kremt.. Var det berre eg som heilt til i dag(!) trudde det var "snart senker natten seg.."?!
 
post signature
 

5 kommentarer:

  1. Dei var kjempegode!! Takk fra Svigers ;))

    SvarSlett
  2. ganske lik mi oppskrift og de ble og supergode:)) koselig bilde da med spotlight på bordet;) kule de lysestakene!
    klem

    SvarSlett
  3. Lenge siden jeg har smakt lussekatter. Ble ikke i år heller gitt, kanskje neste år? Dine så veldig gode ut!
    God adventshelg til deg :)

    Ingrid

    SvarSlett
  4. haha. Fantastisk kommentar på slutten. Eg ler. Hørte lucia sangen på radio i går og tenkte.. hmm eg har sunge feil i alle år. Godt å hørra at eg ikkje e aleina.

    GOOD HELG

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt eg ikkje er aleina. Første tanken som slo meg var "Nei, her har de nok skrevet feil." ;-) God helg til deg og, kem du nå enn er ;-) ser ut som ein bekjent på dialektå iallefall.

      Slett